Får svar: 22.700 søkjarar får i desse dagar svar på søknaden sin om vidaregåande opplæring.

Første inntak til vidaregåande. – Omlag 74 prosent av søkjarane får førstevalet sitt

22.700 søkjarar får no svar på søknaden sin om skuleplass.

Omlag 20.200 søkjarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år) har fått plass på vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Av desse får litt over 16.650 tilbod om førsteønsket sitt for både utdanningsprogram og skule. Det betyr at fleirtalet av dei unge også i år får det opplæringstilbodet dei ønsker seg ved første inntak. 4.239 elevar ventar på plass på førsteønsket sitt.

Det går fram av ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter første inntak er det 854 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Samla er det 1.354 søkjarar som er utan tilbod. I inntaksområda Stor-Bergen og Sunnhordland er det flest søkjarar som står utan tilbod ved første inntak.

Yrkesfag er framleis mest populært

Det er omlag like mange søkarar til Vg1 yrkesfag i år som i fjor. Omlag 9.460 søkjarar med ungdomsrett har søkt yrkesfaglege utdanningsprogram. Av desse har 9.050 fått tilbod om skuleplass i første inntak. 7.920 har fått tilbod om skuleplass på første- eller andreønsket sitt.

2.445 elevar med ungdomsrett ventar på plass på førsteønsket sitt. 1.486 av desse er søkjarar til Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram. På Vg1 yrkesfag er det 354 som ikkje har fått tilbod om skuleplass ved første inntak.

På Vg1 er det også i år utdanningsprogram for teknologi og industrifag som har lengst venteliste. Her står 1.353 søkjarar på venteliste i dag, 502 har programmet som førsteønske, går det fram av pressemeldinga.

Lang venteliste på påbygg

Mange av søkjarane til påbygg står framleis utan tilbod. Desse søkjarane fordeler seg i to grupper. Den eine gruppa er søkjarar som har fullført fag- og sveinebrev og som ønskjer å få studiekompetanse (Vg4). Her er det 375 som har søkt på 252 plassar, og det er 104 på venteliste.

Den andre gruppa er søkjarar som har fullført Vg2 yrkesfag og ønskjer å gå vidare på Vg3 påbygg i staden for å gå ut i lære. 846 har søkt på dette tilbodet. 774 har fått tilbod ved første inntak, av desse er det 564 som har påbygg Vg3 som førsteval.

Vel 10.000 har søkt studieførebuande

10.582 søkjarar med ungdomsrett har studieførebuande utdanningsprogram som førstevalet sitt. Av desse har 9.975 fått tilbod om plass. Det er 200 med ungdomsrett som så langt ikkje har fått tilbod om skuleplass på studieførebuande utdanningsprogram.

Tal søkjarar som har studieførebuande utdanningsprogram som førsteval, og som har fått tilbod, er noko lågare enn i fjor for fylket samla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som ventar på tilbod i dei studieførebuande utdanningsprogramma er i hovudsak frå inntaksområde Stor-Bergen. Det er 2.247 plassar på studieførebuande utdanningsprogram i Stor-Bergen. 2.718 søkjarar i dette inntaksområdet har dette utdanningsprogrammet som førstevalet sitt. Det er tatt inn 2.231, og 165 fleire ønskjer studieførebuande utdanningsprogram. Desse har så langt ikkje fått tilbod om skuleplass.

Ledige skuleplassar

I Vestland er det framleis over 1.600 ledige skuleplassar. Desse plassane samsvarar ikkje med ønska til dei som per no ikkje har fått tilbod om plass. Søkjarar som har ungdomsrett og som ikkje har fått tilbod om skuleplass no, vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller når skulane tek over inntaket.

Søkjarar som ikkje har ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane tek over inntaket i august. Etter første inntaket er det 854 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Samla er det 1.354 søkjarar som er utan tilbod.

– Dei som har søkt skuleplass kan logga seg inn på nettsida vigo.no, og sjå om dei har fått skuleplass frå 7. juli. Svarfristen er 16. juli. Det er særs viktig å svara innan fristen, vert det påpeika i pressemeldinga.

Dei som ikkje svarar, mistar tilbodet dei har fått og blir tekne ut av ventelistene.

22. juli kjem det melding om andre inntak. Svarfristen her er 30. juli. 8. august finn det tredje inntaket stad. Det inntaket svarar du ja til ved å møt på skulen første skuledag, heiter det i pressemeldinga frå Vestland fylkeskommune.