Thea Haringstad Rambjørg, Vilde Eide Høviskeland, Elise Tveit Sælen, Enrika Sederevicé, Liva Færevaag og Anny Lossius. Ikkje til stades: Maren Størdal Svendsen.
Thea Haringstad Rambjørg, Vilde Eide Høviskeland, Elise Tveit Sælen, Enrika Sederevicé, Liva Færevaag og Anny Lossius. Ikkje til stades: Maren Størdal Svendsen.

Førsteklasses rampegjeng

Dei 13 førsteklassingane på Hegglandsdalen skule liker å hengja på rampo, men rampete er det dei slett ikkje.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har glidd fint inn i skulemiljøet dei 13 førsteklassingane som snart har gjort unna sitt første år ved Hegglandsdalen skule.

Erfaringane dei har gjort seg, har dei bestemt seg for å dela med dei som startar på skulen til hausten.

- Dette er omtenksame elevar. For å gjera møtet med skulen litt lettare for haustens nye elevar, har elevane i denne klassen skrive brev til dei komande førsteklassingane. I brevet kjem dei med råd og tips til korleis få ein best mogleg start på skulelivet, fortel klassestyrar Henriette Håvik.

Elise var den heldige som fekk med seg Teddy heim på fredag.
Elise var den heldige som fekk med seg Teddy heim på fredag.

Ho har hatt eit fenomenalt flott år med klassen.

- Dette er ein herleg gjeng. Dei er godt samansveisa og veldig greie med kvarandre, skryter klassesstyrar Henriette Håvik.

Norsk og engelsk

Dei sju jentene og seks gutane i klassen har lært mykje det første året. Til og med engelsk.

- Then those of you not wearing pink T-shirt can sit down, seier Henriette i det «Os og Fusaposten» kjem på besøk.

Elevane forstår kva ho seier, og til slutt er det berre rosakledde Elise som står att.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då er det din tur til å ha Teddy i helga, seier Henriette.

Klassemaskotten har gått på omgang i heile år. Eleven som får han med seg heim i helga, må skriva nokre linjer om kva dei har gjort på.

I tillegg til å ha lært å lesa og rekna har dei nemleg også hatt litt engelsk. Eit morosamt døme på det får me når Henriette spør kva dag det er i dag.

- It's a sunny day, svarer Vilde.

Henriette lurte nok på kva vekedag det var, men ingen kan arrestera Vilde for svaret ho kom med. Det var til og med uttalt med perfekt britisk uttale.