Frode Storetvedt forstår ikkje kvifor Miljødepartementet har valt å sjå bort frå alle råd frå eksperter om at flytting av Havnesjefen er eit godt alternativ.
Frode Storetvedt forstår ikkje kvifor Miljødepartementet har valt å sjå bort frå alle råd frå eksperter om at flytting av Havnesjefen er eit godt alternativ.

Forundra bonde

Bonden Frode Storetvedt, som ønskte å redda Havnesjefen ved å ha han flytta inn i den 1.400 kvm store innhegninga på Tysnes, er forundra over at Miljødirektoratet har avslått søknaden.

– Er du skuffa?

– Tja, kva skal eg seia? Forundra er meir ordet eg vil nytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit avgjerd dei har teke, som dei har heimel til å teke. Det er ikkje så mykje meir å gjera. Vi har gjort det vi kunne, seier Frode Storetvedt og utdjupar:

– Veterinærar har godkjent og anbefalt å flytta Havnesjefen. Det same har ornitologar. Ekspertar frå Tyskland har gjort det same. Men dei vel å sjå bort å frå dette. Det forundrar meg.

1.400 kvm ikkje nok?

Bonden har gjort seg nokre tankar etter at Miljødirektoratet kom med svaret fredag.

– Eg meiner at flytting ville vore ei god løysing. Som eg sa til NRK også: Ein kan lura på kva som gjer at 1.400 kvadratmeter er for lite for ei svane, mens seks kvadratmeter er godt nok for dei gamle i landet vårt som bur på heim, seier Storetvedt.

Vil ikkje klaga

– Trur du at det no endar med at Havnesjefen må bøta med livet?

– Vedtaket står. Eg veit at kommunen jobba med å finna ut kven som har klagerett på avslaget om flytting frå Miljødirektoratet. Eg trur ikkje at kommunen eller landbrukskontoret vil klaga. Om andre kan gjera det, og korleis det verkar, er eg usikker på, seier Storetvedt.

Landbrukssjef Øystein Svalheim har stadfesta at dei ikkje kjem til å klaga til Klima- og miljødepartementet.

– Vi vil ikkje klaga på vedtaket. Det er som regel lite å henta på ein klage til departementet, seier Svalheim.