Trafikkulukke: Fredag ettermiddag, klokka 13.41, fekk politiet melding om ei trafikkulukke.

Fotgjengar påkøyrd av bil. Sendt til legevakt for sjekk

Ulukka skal ha skjedd i nærleiken av Irgenskrysset.

Meldinga om trafikkulukka kom klokka 13.41.

– Politi og ambulanse er på veg til staden etter melding om trafikkulykke. Ein fotgjengar er påkøyrd av bil. Fotgjengaren, eitt barn, er vaken og medviten, gjekk det fram av meldinga frå Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei pårørande skulle ifølgje meldinga vera varsla.

Klokka 13.54 skreiv politiet at naudetatane var på staden, og at barnet vart tilsett av helsepersonell.

– Barnet er køyrt til legevakt for ein nærare sjekk, vart det opplyst.

Ifølgje Os & Fusaposten sin journalist på staden oppstod det lange køar i begge retningar som følgje av ulukka.

Politiet visste per då ikkje kva årsaka til ulukka var.

Lange køar: Det var lange køar på staden etter ulukka.