Frå i morgon av kan ein reisa med mobilbillett frå Os til Bergen

Etter soneomlegginga 1. august kan ein bruka appen «Skyss Billett» i heile fylket.

Pendlar- og passasjerstraumar, skolekrinsar, kommunegrenser, tettstader, knutepunkt og naturlege grenser sett av fjord og fjell har vore førande i arbeidet med å utarbeida den nye sonestrukturen. Likevel vil dei nye sonegrensene nokre stader krysse kommunegrenser eller buss- og vegforbindelsar, skriv Skyss på heimesida si.

Det som i dag vert omtalt som sone Bergen, får namnet «Sone A» og blir vesentleg større. Sone A inkluderer kommunane Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Os. Endringa medfører at ein ikkje lenger må koma seg opp til busstoppet nord for Tøsdalskiftet for å kunna nytta mobilbillett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Billegare å ta bussen til byen frå Os

Etter endringa blir talet takstsoner redusert frå 470 til sju ulike soner. Skyss seier at endringa gjer det å ta bussen enklare for alle og billegare for mange. Billegare blir det i alle fall å ta bussen til byen. Etter endringa kostar det 37 kroner for ein vaksen å ta bussen frå Os til Bergen. Om ein vel å kjøpa enkeltbillett kontant om bord, kjem eit påslag på 23 kroner for vaksne og 11 kroner for born og honnør. Born betalar 19 kroner for ein enkeltbillett. Den same summen betalar ein ved honnørbillett.