Frå og med onsdag må nesten alle osingar koka vatnet. (Illustrasjons
Frå og med onsdag må nesten alle osingar koka vatnet. (Illustrasjons

Frå onsdag må du koka vatnet

Frå onsdag kveld og i fem dagar framover må alle osingar koka vatnet. Unntaket er abonnentar i Lysefjorden som får vatn frå Søvik vassverk.

Vassleidningsnettet i Os skal som kjent fornyast, og no er turen komen til inntaket til hovuddrikkevasskjelda i Os, Krokavatnet. Då denne kollapsa i fjo, førte det til fleire dagar med kokepåbod og ei mellombels løysing.

No skal ei endeleg løysing på plass og vatnet koplast saman med resten av vassleidningsnettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mellomtida vil drikkevatnet koma frå reservevasskjelda Hovlandsvatnet. Sidan Hovlandsvatnet ikkje oppfyller alle Mattilsynets krav til reinsing av drikkevatn, må vatnet kokast. Abonnentar som bur i Lysefjorden og får vatnet sitt frå Søvik vassverk, vert ikkje råka. Alle vassabonnentar som vert råka vil få varsel på SMS eller automatisk telefonoppringing om at dei må koka drikkevatnet sitt. Ny melding vert sendt ut når kokevarselet er oppheva.

Vatnet bør fosskoka i eitt minutt. Ein vasskokar vil normalt fosskoka vatnet før han slår seg av, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgjeomn, må du forsikra deg om at vatnet fosskokar.

Flaskevatn kan vera eit alternativ til kokt vatn.

Alt drikkevatn må vera kokt. Bruk dessutan kokt vatn til:

. All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 grader.

. Utblanding av saft og andre produkt som skal drikkast eller etast.

. Kaffi. Kaffitraktarar kokar ikkje vatnet, og vatnet til kaffitraktaren må difor vera kokt på førehand. Andre typar kaffimaskiner bør sjekkast med forhandlar.

. Isbitar.

. Skyljing av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast.

. Tannpuss.

Ukokt vatn kan brukast til:

. Koking av mat.

. Handvask. Vask hendene med såpe, skyl og tørk etterpå.

. Dusjing og karbad. Pass på å ikkje svelgja vatn. Ha særleg kontroll med små barn.

. Oppvask for hand og oppvaskmaskin. Ved oppvask for hand må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt. Oppvaskmidlar med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg.

. Klesvask.

. Reinhald i huset.

Anna bruk:

. Barn bør ikkje leika med vatnet i hagevatningsanlegg eller bada i barnebasseng i periodar med kokevarsel.

Kjelder: Folkehelseinstituttet og Mattilsynet