Margunn Yndestad Samnøy (Sp) var skeptisk til ei samanslåing med Os i juni, og er like skeptisk i dag.

Margunn Yndestad Samnøy (Sp).
Margunn Yndestad Samnøy (Sp) var skeptisk til ei samanslåing med Os i juni, og er like skeptisk i dag. Margunn Yndestad Samnøy (Sp).

Framleis skepsis til reforma i Senterpartiet

I juni sa fire Sp-representantar nei til at Fusa skulle slå seg saman med Os. Sju månader seinare er skepsisen til kommunereforma like stor.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Formannskapsmøtet i Os 24. januar har ikkje gjort at eg har endra meining, snarare tvert i mot, sa Margunn Yndestad Samnøy (Sp) i Fusa formannskap sitt møte onsdag.

Samnøy synest òg dei økonomiske utfordringane samarbeidspartnaren deira står overfor i åra som kjem, er alarmerande. Ho viste mellom anna til Luranetunet som, når det er ferdig utbygd, vil belasta driftsbudsjettet med 34 millionar meir.

- Dei hadde heller ikkje gjort seg nokon tankar om korleis eigedomsskatten i Fusa skal avviklast. Det vart snakk om ei gradvis nedtrapping, men enten så har ein eigedomsskatt i ein kommune, eller så har ein det ikkje, påpeika Samnøy.

- Les vi referatet likt? Er det felles rådmann, eller rådmannsstillinga i Fusa som skal lysast ut i 2017, spurte plutseleg Bjarte Samnøy (KrF) og Anne-Grethe Gjerdevik (Ap).
- Les vi referatet likt? Er det felles rådmann, eller rådmannsstillinga i Fusa som skal lysast ut i 2017, spurte plutseleg Bjarte Samnøy (KrF) og Anne-Grethe Gjerdevik (Ap).

Varaordførar Magne Djuvik (Frp) delte ikkje Samnøy sin uro.

- Eg veit ikkje om Margunn og eg var i same møte. Det var ikkje snakk om eit underskot i 2019, men at kommunen truleg ikkje kom til å klara å oppnå det overskotet som finansdepartementet tilrår. Altså eit mindre overskot, sa Djuvik.

Varaordføraren viste òg til at Os har sett av overskota frå tidlegare år på ein buffer, slik at ein slepp å hamna i ein kuttsituasjon, slik som Fusa, men kan vidareføra drifta. Når det gjeld eigedomsskatt peika Djuvik på at det dreier seg ikkje berre om eigedomsskatt, men om eit likt skatte- og avgiftssystem for heile kommunen.

- Eg er sikker på at det står noko i den komande kommuneproposisjonen om korleis desse systema skal tilpassast kvarandre, sa han.

- Eg reknar ikkje med at den nedtrappinga som vart nemnt, er noko vi skal gjera i vår kommune før 2020. Då slit vi, påpeika Aud-May Boge (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Heilt andre utfordringar enn oss

Ordførar Atle Kvåle (Ap) viste til intensjonsavtalen mellom dei to kommunane der det står skrive at det er eit mål at eigedomsskatten skal bort.

- Ein har ikkje sagt at den nye kommunen skal ha eigedomsskatt, eller at han ikkje skal ha eigedomsskatt. Det som er sagt er at det bør vera eit mål å få han bort. Etter 2020 er vi éin kommune, og då må avgiftsnivået vera likt, uansett kvar folk bur, sa Kvåle.

- Om eigedomsskatten i Fusa ikkje vert fjerna etter 2020, lyt Os innføra han, sa Samnøy.

- Eg er ikkje så skeptisk som nokre av de andre er. Tvert i mot. Eg synest det var interessant å høyra korleis einingane jobbar, kva utfordringar ein har, og kva ein gjer for å handtera det, sa Ekeberg.

Ap-politikaren meinte stemninga i det felles formannskapsmøtet var inkluderande. Han fekk inntrykk av at dei frammøtte var opptekne av å få til eit godt samarbeid.

- Eg lærte mykje, til og med om Fusa, sa Ekeberg.

Mikal Leigland (Sp) var, til liks med Samnøy, uroa over dei store skilnadene mellom dei to nabokommunane.

- Vi skal slå oss i saman med ein kommune som har 1,8 milliardar i gjeld, og som dei komande åra skal låna nesten like mykje. Os står overfor heilt andre utfordringar enn det vi gjer, sa Leigland og viste til utbygginga av Svegatjørn-Rådal, Lyseparken og bustadsituasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er store prosjekt som kjem til ta store delar av kapasiteten og fokuset både til politikarar og administrasjon i overskueleg framtid.

Sp-politikaren viste òg til styrkeforholdet mellom dei to kommunane.

- Medan Os bruker 260 millionar berre på helse og sosial, er budsjettet til heile Fusa kommune på 233 millionar kroner.

- Slutt på sjølvstyre?

Heller ikkje Peter-Hans de Zwarte (Sp) har late seg overtyda av dei siste månadenes samkvem med Os.

- Fusingane kjem til å utgjera ein liten del av det ny kommunestyret. Kva er garantien vår for at vi skal klara å oppretthalda den prioriteringslista, og dei planane vi har utover 2020, spurte Sp-politikaren.

Kvåle svara at ein må prøva å innarbeida planane best mogleg i dei forhandlingane ein no står overfor, og at fusingane er nøydde til å stilla seg til rådvelde for dei ulike politiske partia.

- Men vi vil aldri meir kunna påverka det som skjer i bygdene våre på same måte som i dag etter 2020. Sjølvstyret forvitrar, meinte De Zwarte.

- Det vert krevjande, men eg er i utgangspunktet optimist. Vi må forholda oss til det vedtaket som vart gjort i juni, sa Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om vi lagar gode planar, som heile den nye kommunen synest er gode, har vi gjort det rette. Den moglegheita er der, om ein ønskjer å sjå moglegheitene, påpeika Aud-May Boge (H).

Også ordføraren var klar på at ein burde gjera utfordringane i Os til moglegheiter i Fusa.

- Kvar set vi inn trykket for å få ein best mogleg kommune, spurte han.

- For tidlig med felles rådmann

Utgangspunktet for diskusjonen var ikkje berre formannskapsmøtet i Os i slutten av januar, men også referatet frå styringsgruppa sitt møte i desember.

- Vi er samd i at det må tilsetjast ein prosjektleiar. Men det må ikkje vera ein av rådmennene, men ein som er tilsett i ei 100 prosent stilling, lydde forslaget til vedtak frå Sp, H og KrF.

Det vart òg sagt at felles rådmann må tilsetjast på eit langt seinare tidspunkt i prosessen enn 2017.

- Kvifor skal vi blanda oss opp i når det skal tilsetjast rådmann, undra Djuvik.

- Det er viktig at begge partar har tillit til personen. Å tilsetja rådmann no er for tidleg, meinte Leigland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Atle Kvåle (Ap) forstod ikkje heilt diskusjonen. Han hadde ingen tru på at det kom til å verta tilsett ein felles rådmann i 2017.

- Å tilsetja rådmann i 2017 er heilt urealistisk, men i løpet av 2018 bør ein nok byrja å tenkja på korleis ein skal gjera det med rådmennene, sa han.

Formannskapsmedlemene las litt meir i papira, og vart plutseleg usikre på om dei hadde misforstått innhaldet. Konklusjonen vart uansett følgjande fellesframlegg: Det skal tilsetjast ein prosjektleiar i 100 prosent stilling. Det bør ikkje vera ein av rådmennene. Personen skal berre arbeida med samanslåinga, og kan rekrutterast internt/eksternt. Fellesnemnda skal ta stilling til når ny rådmann skal tilsetjast.