Framtida Junior ønskjer å nå ut til endå fleire, og skal no på turné til skular rundt på Vestlandet. Her frå lanseringa av barneavisa.
Framtida Junior ønskjer å nå ut til endå fleire, og skal no på turné til skular rundt på Vestlandet. Her frå lanseringa av barneavisa.

Framtida Junior skal på turné – søkjer juniorjournalistar i Os og Fusa

Den nynorske avisa for alle born, der også Os & Fusaposten tek del, har fått 100.000 i støtte til å dra på Vestlandsturné og læra opp fleire juniorjournalistar.

– Framtida Junior ønskjer å nå ut til endå fleire, og skal no på turné til skular og rundt på Vestlandet. Framtida Junior har som mål å gjera det kjekt å lesa nyhende for barn på nynorsk, og me søkjer no etter born som vil vera juniorjournalistar i redaksjonen vår, og skular som vil ha besøk av oss, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Junior-journalistane vil få opplæring, spennande oppgåver og stor fridom til å skriva om det ein vil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Synest du dette høyrest spanande ut, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med Os & Fusaposten. Kanskje du kan få med deg nokre vener, og de er mellom dei som vert plukka ut til å få slik kursing?

Gode tilbakemeldingar og brukartal

Allereie har over 55.000 brukarar vore innom nettsidene, Framtidajunior.no. Bak nettstaden står Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Framtida.no og ABC Startsiden.

Papiravisa Framtida Junior blir gjeven ut i samarbeid med lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os & Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland.

– Tilbakemeldingane frå barna er veldig gode. No håpar eg endå fleire barn har lyst til å bidra til å gjera avisa vår endå betre, seier Framtidajunior.no-redaktøren.

Glade for støtta

Turnéen og kurs for juniorjournalistane er støtta av dei allmennyttige midlane til Sparebanken Vest.

– Me er veldig glade og takknemlege for støtta, seier Svein Olav B. Langåker.

Støtta gjer at avisa kan halda fram ut året. Til neste år er avisa avhengig av auka støtte gjennom statsbudsjettet og fleire abonnentar for å halda fram som i dag.

jostein@osogfusa.no