Ein eldre mann opplevde eit tjuveri frå uthuset i slutten av førre veke. To spekelår er borte. Tjuvane kan bli sjuke om dei et spekelåra, for dei skal ikkje vera etandes før i april.

Frekt tjuveri frå pensjonist i Fusa, men det kan vera den eldre mannen som ler sist

To spekelår er stolne frå ein pensjonist i Fusa, men det tjuvane nok ikkje er klare over, er at dei ikkje er ferdig speka.

– Mannen tok kontakt med oss for å informera om at to spekelår var borte frå uthuset. Han ønskte ikkje å melda forholdet, men seia ifrå i tilfelle andre har opplevd det same. Han ville også leggja til at spekelåra ikkje er ferdigspeka, så dei som et dei, vil bli sjuke, seier politibetjent Kjartan Svendsen.

Om det er nokon som går med dårleg samvit i Fusa, etter å ha stole to spekelår frå ein eldre kar, så skal de vita ein ting:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han ønskte å informera om at låra ikkje er råd å eta før i april. Meldar har ingen idé om dette er ungdomsstrekar, eller kva det er, men om det er foreldre i Fusa som finn eit spekelår i garasjen, kan det tenkjast at det stammar frå dette tilfellet, seier Svendsen.

Den eldre mannen mistenkjer at tjuveriet skjedde natt til førre fredag. Politiet i Fusa kan også opplysa om eit tjuveri frå ein arbeidsbil natt til måndag.

– To sveiseapparat skal ha blitt stolne.

– Ser de noko samanheng mellom desse to tilfella?

– Nei, det gjer vi ikkje, seier Svendsen.