Kvinna vart funnen 20 km frå Vik i Sogn.
Kvinna vart funnen 20 km frå Vik i Sogn.

Frigjev namnet på død kvinne

Kvinna som vart funnen død i Sognefjorden er identifisert som Marita Sælen. Det opplyser politiet.

Fredag kveld stadfestar regionslensmann i Sogn, Arne Johannessen, til Bergens Tidende at kvinna som vart funnen død i Sognefjorden er Marita Sælen (46) frå Os.

Kvinna vart funnen i Ortnevik, om lag 20 kilometer frå Vik, der ho vart meldt sakna. Dødsårsaken er ikkje fastslått enno, då politiet ventar på obduksjonsrapporten som skal vera klar neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Funnet vart gjort onsdag ettermiddag. Marita Sælen forsvann frå ein bar i Vik i Sogn natt til laurdag. Både politi, sivilforsvar, Røde Kors, vener og familie har delteke i søket etter 46-åringen frå Søfteland.