Front mot front i Kolskogen

Litt før klokka 16 frontkolliderte to bilar i Industrivegen på Kolskogen. Ingen vart alvorleg skadd.

Kl. 15.50 melde politiet på Twitter om at to bilar hadde frontkollidert i krysset ved Bohus i Industrivegen på Kolskogen. Uhellet skjedde altså like ved Kuventræ skule.

Det var ein person i kvar bil. Begge var medvitne, men den eine klaga over nakkesmerter. Både helsepersonell, brannvesen og politi er på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiets operasjonssentral opplyser vidare at trafikken glir greit forbi krysset.