Ulukke: Naudetatane på veg til ulukkesstaden nett no.

Front mot front litt nord for Tøsdalskiftet. Vegen opna att.

Den eine bilen skal ha kome over i motgåande køyrefelt.

Like etter klokka 12 laurdag melder politiet at to bilar har krasja front mot front på Byvegen litt nord for Tøsdalskiftet.

Det skal ikkje vera snakk om alvorlege personskader, heiter det i Twitter-meldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi veit ikkje noko om årsaka så langt, eller kor mange personar som er involvert. Men ingen skal vera fastklemde, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Front mot front: Ulukka skal ha skjedd litt nord for Tøsdalskiftet, men vi er førebels usikre på nøyaktig stad.

Klokka 12.19 skriv Vegtrafikksentralen på Twitter at vegen er stengd for bilberging.

Når Os & Fusaposten snakkar med Hellesund på nytt klokka 12.45, varslar han at vegen truleg vert opna igjen om få minutt.

Klokka 12.50 varslar Vegtrafikksentralen av vegen er open att.

Det var ein person i kvar bil, og begge er undersøkt av helsepersonell på staden. Ingen skal vera fysisk skadde.

— Politiet opprettar sak på forholdet, i og med at den eine føraren kom over i motgåande køyrefelt, seier Hellesund.