(
(

Front mot front-ulukke i Fusa

Det small godt då to bilar kolliderte på Holsundvegen i dag tidleg.

Fusa brann og redning rykte ut då meldinga om trafikkulukka kom inn. Dei fekk rydda vegen og fjerna bilane. Det skal ha vore stans i trafikken ei stund. To bilar var involverte i ulukka.

– Det er vanskeleg å seia kva som er årsaka til samanstøyten. Ulukka skjedde på ei oversiktleg strekning, men det er ein bakketopp der som er smal. Vi har oppretta sak og kjem til å kalla inn sjåførane til avhøyr, fortel vakthavande politi ved Fusa lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre personar var involverte i ulukka, men ingen av dei blei skada. Verre var det med bilane.

– Den eine bilen blir nok kondemnert. Den andre bilen fekk seg ein stor bulk i front, og er ikkje køyrbar, fortel politiet i Fusa.