Politiet melder om ulukke på Holdhus torsdag morgon..
Politiet melder om ulukke på Holdhus torsdag morgon..

Front mot front-ulukke

To bilar skal ha kollidert front mot front i Fusa torsdag morgon.

Ulukka skal ha skjedd på Holdhus i Hålandsdalen. 

- Meldt om trafikkulykke. Naudetatane er på veg til staden. Skadeomfang er enno ikkje kjent, skriv politiet på Twitter kl 08.15.

Artikkelen held fram under annonsen.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt fortel klokka 08.30 at politiet er fem minutt unna.

– Melder fortel at det er ein person i kvar bil. Det skal vera glatt på staden, utan at vi veit kva som er årsaka til ulukka.

På Twitter melder politiet om store materielle skader. Begge førarane skal vera bevisste.