Kafé Engeline og Rune Solberg ønskjer å gje den eldre garde ein uteplass der dei kan ta seg eit glas og dansa og lytta til «sin» type musikk.
Kafé Engeline og Rune Solberg ønskjer å gje den eldre garde ein uteplass der dei kan ta seg eit glas og dansa og lytta til «sin» type musikk.

Frontar utelivstilbod for eldre

Kafè Engeline startar med seniordans om laurdagane.

– Det er heilt sikkert mange eldre i Os som kunne tenkja seg å gå ut, om det berre var eit passande tilbod for denne aldersgruppa, seier Rune Solberg.

Han synest det er for gale at det ikkje finst eit slikt tilbod, og har no tenkt å gjera noko med det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me startar opp med seniordans frå og med førstkomande laurdag. Tanken er dans og sosial samankomst for folk over 60 år, frå tidleg kveld i våre lokale, fortel Solberg.

Populært konsept

Platesnurraren og quizmasteren på Engeline har budd mykje rundt omkring i Noreg. Ideen til det nye konseptet fekk han frå vener og kjente i Oslo.

– I hovudstaden har dei såkalla ”Te-dans-arrangement” på ulike utestader i sentrum. Dette er blitt veldig populært. Ettersom utefolket i Os bruker å venta til seint på natt før dei dreg til sentrum, fann me ut at eldre i bygda kan få kvelden for seg sjølve, før me opnar opp for vanleg utelivskveld i lokala, seier Solberg.

Nok av musikk

Den siste tida har underteikna sett fleire døme på at den eldre garde i bygda er glad i dans. Både på eldresenteret og i samband med Os Fotball sitt arrangement i Tropehagen på Luranetunet.

Rune Solberg kjenner til interessa.

– Me kjem til å ta kontakt med eldresenteret og fortelja om opplegget vårt. Heilt klart.

– Og rett type musikk har du klar?

– Ja, i bøtter og spann. Svensk-topp, gamalpop, Roger Whittaker. Eg har alt. Og treng eg noko meir, kan eg berre ta turen til mine eigne foreldre i Kuvågen. Dei veit kva denne aldersgruppa vil lika, ler Solberg

Artikkelen held fram under annonsen.

Lågare volum

Seniordans-arrangementa vil skilja seg ein god del frå dei andre kveldskonseptea.

– Hovudpoenget er at dei eldre skal trivst og føla at atmosfæra er behageleg. Volumet på stereoanlegget vil i så måte tilpassast publikum og ikkje omvendt. Dessutan blir det sjølvsagt viktig å leggja til rette for både dans og sosial hygge rundt borda, slår Solberg fast.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no