Utvida tiltakspakke: På forslag frå Frp, med tilleggspunkt frå MDG, har kommunestyret måndag kveld gått samrøystes inn for å utvida tiltakspakken med 1 million kroner.

Frp fekk gjennomslag: Aukar tiltakspakke til 3 millionar og gjev gåvekort til arbeidsledige

Vil kjøpa gåvekort for éin million til arbeidsledige, mottakarar av sosialhjelp og minstepensjonistar.

På forslag frå Frp, med tilleggspunkt frå MDG, har kommunestyret måndag kveld gått samrøystes inn for følgjande tiltakspakke for lokalt næringsliv:

«a) 1 million kroner til kjøp av gåvekort hos lokalt næringsliv. Gåvekort a 500 kr blir delt ut til arbeidsledige (ca 800 personar), mottakarar av sosialhjelp (ca 500 personar) og minstepensjonistar (ca 550 personar).

Artikkelen held fram under annonsen.

b) 1 million kroner til kjøp av gåvekort hos lokalt næringsliv. Gåvekort a 500 kr blir delt ut til tilsette i Bjørnafjorden kommune (ca 1.800 personar).

c) 1 million kroner til eit omstillingsfond som lokalt næringsliv kan søkja inntil 50.000 kroner frå.

Les også
Vil bruka to millionar ekstra på eit lokalt næringsliv i krise

Tiltakspakka skal i særleg grad retta seg mot eksisterande næringsliv innan servering, reiseliv, passasjertrafikk, trening og velvære.

Kjøp av gavekort i tiltak a) og b) vert differensiert etter storleik på lokale verksemder innan servering, trening og velvære. Tiltakspakka blir finansiert med ekstra midlar tilført rammetilskotet i samband med korona-pandemien».

Dette tillegget frå MDG vart også samrøystes vedteke:

«Tiltakspakka skal vektast mot fall i omsetjing eller aktivitet som kjem på grunn av korona.

Det blir ikkje sett krav om omstilling i ordninga for gåvekort (a+b).

Kommunestyret ber om at formannskapet får presentert ei evaluering første halvår 2021 for å sjå om tilskotsordningane var treffsikre».

Artikkelen held fram under annonsen.

- Frp vil gje tiltakspakken ein meir sosial profil, og leggja på ein milion ekstra i høve forslaget frå kommunedirektøren, sa Søviknes i kommunestyret måndag.

Frp føreslo å halda på ein million i gåvekort som skal gå til dei 1.800 tilsette i kommunen og den eine millionen i omstillingsmidlar ved søknad.

– Med ytterlegare ein million kan me gje gåvekort til dei som, ifølgje tal frå NAV, er heilt eller delvis arbeidsledige (800), mottakarar av sosialhjelp (500) og minstepensjonistar (550). Me meiner det er riktig å ta med seg det perspektivet. Dette vil jo også gje næringslivet ein million meir, utdjupa Søviknes, som meinte dette vil vera ei «fin julegåve til næringslivet og til mange av innbyggjarane som har ei tøff tid for øyeblikket».