Bussane har alt i dag problem med å koma seg frå Osøyro terminal og ut på Byvegen i rushet.
Bussane har alt i dag problem med å koma seg frå Osøyro terminal og ut på Byvegen i rushet.

Fryktar kork på Osøyro

Skal transport av overskotsmassar frå fjellsprenginga av OHARA og omdirigering av trafikken frå E39-utbygginga gå gjennom Osøyro samtidig?

Administrasjonen vart svar skuldig då politikarane i plan- og bygningsutvalet lurte på korleis det skal gå med all trafikken som kan bli omdirigert gjennom Osøyro når dagens E39 i ein periode vert stengt i samband med Svegatjørn-Rådal.

- Enorm kork

Perioden det gjeld er frå mai til august neste år, når den nordgåande trafikken frå Halhjem skal køyra via Osøyro. Det var Harald Døsen (Ap) som tok opp spørsmålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kjem overskotsmassane frå Ohara-utbygginga som skal køyrast til Brandneset (ved Hetlestraumen) og den omdirigerte trafikken frå E39-utbygginga til å føregå parallelt? I så fall vil det jo bli ein enorm kork på Osøyro, sa Døsen.

Trafikksikring

Terje Sperrevik (TvS) følgde opp med spørsmål om det ikkje var på høg tid å tenkja på trafikksikring langs Byvegen når trafikken altså skal auka vesentleg.

- Bør det ikkje iverksetjast tiltak med Os barneskule? Det same gjeld resten av strekkjet, der det er mange kryss oppover. Rema 1000-kryssa, til dømes. Det kan bli ganske kaotisk til visse tider. Kanskje me bør vurdera fartsreduserande tiltak eller anna regulering? spurde Sperrevik.

Meir enn to trailerar

Gustav Bahus meinte å ha høyrt at det berre var snakk om to semitrailerar med stein som skulle fraktast til Brandneset, men vart korrigert av Døsen.

- Dei to trailerane skulle inn på Kuhnlevegen. Det som skal køyrast til Brandneset er 60.000 kubikkmeter stein frå Ohara-hallen. Det blir meir enn to trailerar, sa Døsen.

Vart svar skuldig

Administrasjonen greidde ikkje å svara på spørsmåla på sparket. Assisterande rådmann, Paul Manger, sa at nokre av spørsmåla kravde at det blei henta inn svar frå både interne og eksterne aktørar. Han lova å koma tilbake til saka.