Full fart i bakkane for Rosa Sløyfe!
Ein stor gjeng i flotte rosafargar stod på startstreken til det 5 km lange Rosa Sløyfe-løpet i Eikelandsosen laurdag.
Laurdag var det duka for ein premiere i Eikelandsosen, då historias fyrste Rosa Sløyfe-løp gjekk av stabelen, til inntekt for Kreftforeningen.
Og det var stor interesse for å delta og heile 109 sprekingar stilte på startstreken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Startskotet gjekk ved Fjord'n senter. Deltakarane sprang éin runde rundt Fusa vidaregåande skule, gjennom sentrum og opp til Koldal, attende same vegen og avslutta løpet med to rundar rundt den vidaregåande skulen. Til saman 5 kilometer.
Eige barneløp
Før start var det felles oppvarming leia av Felipe Molina. Felipe og Astrid Molina frå 24fitclub Fusa har vore sentrale i planlegginga og gjennomføringa av løpet.
Stemninga i løypa var upåklageleg, alle som var med, heia ivrig på kvarandre.
Både gamle og unge deltok og alle kunne gjennomføre løypa i sitt eige tempo.
Det var også eit eige barneløp, her fekk alle deltakarane medalje då dei kom i mål.
40.000
Vinnar av herreklassen vart William Lindborg. I dameklassen stakk Mira Hannisdal Nilsen av med sigeren.
Det var også trekking av startnummer der ein tilfeldig deltakar av løpet fekk premie. Den heldige vinnaren vart Karianne Eikeland.
Vigdis Øvreeide som er senterleiar ved Fjord'n Senter har jobba mykje med både Rosa Sløyfe-løpet laurdagen, og tradisjonsrike Damenes aften (sjå eiga sak) fredag kveld. Ho fortel at dei to arrangementa til saman sytte for 40.000 kroner til Kreftforeningens Rosa Sløyfe-aksjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
PS: Videoen til saka er det dei personlege trenarane John Hauge og Øyvind Taule som står bak.