Berre ein siste finpuss står att før Gerhard Hansen og Os Kyrkjelyd fredag kan ønskja velkomen til storstilt opning av Tunet kyrkje- og kultursenter.
Berre ein siste finpuss står att før Gerhard Hansen og Os Kyrkjelyd fredag kan ønskja velkomen til storstilt opning av Tunet kyrkje- og kultursenter.

Full fest tre dagar til endes

Til helga opnar Os Kyrkjelyd si nye storstove «Tunet». Opninga vert feira tre dagar til endes.

- Det er ikkje Oseana-opning, men det er ikkje langt i frå. For oss er dette i alle høve veldig stort, seier kyrkjeverje i Os kyrkjelyd, Gerhard A. Hansen.

Han og kollegaane har brukt godt med tid på å smi til det perfekte opningsprogrammet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er klart eit slikt bygg som dette må feirast skikkeleg. Dette blir eit flott supplement til dei andre allmennkulturelle møteplassane i Os. Og for oss ein fantastisk plass å driva med trusopplæring og forkynning, seier Hansen.

Plass til 200

Arbeidet med nybygget starta i slutten av august i fjor. Vel ein månad tidlegare byrja dei arbeidet med å pussa opp den eldste delen av kyrkjetunet som vart bygd så langt tilbake som i 1989. No, sju månader etter, framstår dei tre bygga som ei moderne eining.

- Me er strålande nøgde med resultatet. Samarbeidet med Byggmeister Aarvik har vore kjempebra. Dei har halde alle tidsfristar og gjort ein flott jobb på alle måtar, skryter Hansen.

Det nye bygget er på 500 kvadratmeter - 400 i grunnflate, pluss 100 kvm teknisk rom over vestibylen.

- Ein kan seia at «Tunet kyrkje- og kultursenter», som me no kallar det, består av tre delar: Storsal, sidesal og vestibyle med garderobe og toalett, fortel kyrkjeverja.

Under store arrangement kan dei no husa inntil 200 personar i dette bygget.

Tett festprogram

Opninga av Tunet er lagt til førstkomande fredag. Den formelle delen består av nøkkeloverlevering og talar.

- Soknerådsleiar Anne Turid Bjørnevik vil ta imot nøkkelen av byggmeister Aarvik og folka hans. Deretter vert det talar ved prosten i Fana og Os kommune sin representant, som denne gongen vert varaordførar Laila Reiertsen, fortel Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterpå vert det full underhaldning med Fonos, det unge musikktalentet Thomas Hjertaker, vokalgruppa TAUS, med osingen Kristine Bjånes i spissen, Søskena Trætteberg, matøkt og til slutt ord for natta ved sokneprest Magrethe Holmboe Askeland.

Samlingar og konsertar

- De har sett av heile helga til å feira bygget. Kva blir det laurdagen og søndagen?

- Laurdag vert det «Laurdagssprell» for barnefamiliar, før det vert babysong og graut. Seinare vert det ungdomskveld med Join Us og Tweens-koret, før me avsluttar med lovsong-kveld.

- Og søndag?

- Då vert det festgudsteneste i kyrkja med påfølgjande kyrkjekaffi i Tunet. Deretter inviterer me, som me gjer ein gong i månaden, psykisk utviklingshemma til song, sosialt samvær, kaffi og kaker ut på ettermiddagen, før me har kveldskonsert med Kyriaké, Birkeland kantori, Voss kantori og Voss Storband i kyrkja.

- Og så er det slutt?

- Nei, ikkje heilt. Me avsluttar det heile med ein enkel jazzkafé i Tunet. Det blir ei fin avslutning, seier Hansen.