Krangling: Det var utanfor Os Aktiv at dei unge jentene krangla.

Full krangel ved Os Aktiv: Unge jenter kontakta politiet for å få ordna opp

Kranglinga skal ha gått på deling av bilete i sosiale medium.

Måndag ettermiddag fekk politiet melding frå nokre unge jenter. Dei var utanfor Os Aktiv, og skal ha krangla med nokre andre jenter på staden.

— Det var snakk om nokre bilete som blei lagt ut i sosiale medium. Politiet rykte ut til staden, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreldra skal ha blitt kontakta, men jentene ordna sjølv opp på staden med politiet som vitne.

— Dei sa unnskyld, og ordna opp sjølv. At jentene tok kontakt med politiet, tykkjer eg er friskt. Dette meinte dei at ikkje var greitt, og kontakta oss. Det er flott. At dei ordna opp på staden, er også veldig bra. Kan hende eg følgjer opp saka i det førebyggjande sporet, fortel Lyssand.