Kommunen har vore i kontakt med grunnkonsulent Dagrunn Hammer i Grunn og bunn AS. Dei har måleutstyr og analysekalkulator-system for å scanna grunnen i området.
Kommunen har vore i kontakt med grunnkonsulent Dagrunn Hammer i Grunn og bunn AS. Dei har måleutstyr og analysekalkulator-system for å scanna grunnen i området.

Full stans i bygginga av fleirbrukshallen

Grunna fare for setningsskadar er arbeidet med fleirbrukshallen i Fusa utsett på ubestemt tid.

Etter planen skulle Hugaas entreprenør starta arbeidet med stålkonstruksjonane til bygget like etter påske. No er alt vidare arbeid sett på vent.

– Det er dessverre ting som tyder på at grunnen, trass i omfattande masseutskifting, ikkje er stabil nok til å bera tyngda av den massive stålkonstruksjonen som dette bygget må ha, seier prosjektleiar for Fusa kommune, Øysten Havsgård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med tanke på så lang tid det har teke å få dette prosjektet i gang, er han svært lei seg for at det nok ein gong blir utsetjing og venting.

– Det var jo meininga at dette huset skulle stå ferdig i november. No får me i beste fall håpa at me rekk å føra opp huset innan utgangen av 2019

Leiger inn grunn-konsulent

Det var i samband med siste del av fundamenteringsarbeidet denne veka at arbeidarane i underentreprenøren Berge entreprenør gjorde oppdaginga som fekk alle varsellampane til å lysa raudt.

– Av ein eller annan grunn har ein ikkje sett tendensen til dette før, men då halve beltehjulet til ei gravemaskin plutseleg seig nær meteren ned i grunnen like ved betongplattforma til ei av stålsøylene, skjønte ein at grunnen ikkje var trygg, seier Havsgård.

Fusa kommune har no kontakta ein grunnkonsulent til å koma på synfaring snarast mogleg.

– Me har vore i kontakt med grunnkonsulent Dagrunn Hammer i Grunn og bunn AS. Dei har måleutstyr og analysekalkulator-system for å scanna grunnen i området. Er me heldige slepp me kanskje unna med ei ny og djupare masseutskifting. I verste fall må me finna ny plass for fleirbrukshallen, seier prosjektleiaren.

Vurderer å flytta hallen

Ettersom Fusa kommune frå og med 2020 vil inngå i Bjørnefjorden kommune, har det vore diskutert om fleirbrukshallen eventuelt burde vore flytta til hovudsetet for idrett i den nye kommunen, nemleg Kuventræ i Os.

Ordførar i Os, Marie Bruarøy, helsar dette forslaget velkoment.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Innan sommaren har me fått opp ein ny dobbelhall på Kvuentræ. I så måte hadde det passa fint om me også fekk ein fleirbrukshall i tilknyting til denne. Me har både tomt og plass til ein slik hall, og fusingane er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å bruka anlegget så mykje dei vil, seier ordførar i Os kommune, Marie Bruarøy.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no