Store ressursar: Store ressursar rykte ut då meldinga kom.

Storutrykning etter melding om kantra båt: Har avslutta søket

– Det er ikkje sett teikn til folk i naud.

Politiet opplyste måndag ettermiddag at dei hadde fått melding om ein båt som skulle ha kantra ved Brattholmen.

– Det blei sett tre personar som stod på kjølen til ein liten båt. Kystvakten, LAMB og brannvesenet er ute og søkjer etter båten, opplyste politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart gjort søk i området der observasjonen var gjort, utan resultat, opplyser politiet.

– Politiet er interessert i tips dersom nokon har gjort observasjonar av kantra båt ved Brattholmen, skreiv dei på X like før kl 18.

Oppdatert:

Kl 18.07 stadfesta Hovudredningssentralen Sør at det var gjort søk i Kjerringhavet ved Brattholmen, med mykje ressursar, men at det ikkje var sett teikn til folk i naud.

– Hovudredningsentralen avsluttar søket og ressursane er dimmiterte.

Dykkarar, helikopter og frivillige i båtar bidrog i søket.

Det skal ha vore observert ein båt med tre ungdomar på veg inn mot land i same området, som kan ha vore bakgrunnen for meldinga som kom inn.

Like før kl 18.30 skriv politiet på X at dei er i kontakt med nokre ungdommar som har vore ute på sjøen i ein liten båt og fiska.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei bekreftar at det med all sannsynlegheit var dei som blei observert, skriv politiet.

Utrykking: Naudetatane er framme på staden.