For høge verdiar: I samband med den årlege analysen av kjemiske stoff i januar 2022 vart det funne for høge verdiar av arsen i drikkevatnet frå Holmefjord vassverk.

Funn av arsen i drikkevatnet. Inviterer til informasjonsmøte

Vatnet frå Holmefjord vassverk har for høge verdiar av arsen.

Det skriv Bjørnafjorden kommune på nettsida si.

Av artikkelen går det fram at kommunen tek jamlege prøver av drikkevatnet frå dei kommunale vassverka. På Holmefjord vert det teke dobbelt så mange prøver som drikkevassforskrifta krev.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I samband med rutinemessig prøvetaking vart det funne for høge verdiar av arsen i vatnet frå Holmefjord vassverk, skriv kommunen.

Funnet vart gjort i samband med den årlege analysen av kjemiske stoff i januar 2022. Alle andre parametra var ifølgje kommunen innanfor krava.

– Sidan 2015 har det vore registrert fleire prøvar litt over og litt under grenseverdien på 10 µg/l. På grunn av usikkerheit knytt til målingane har det ikkje vore grunn til uro, før no, går det fram av artikkelen.

Dobling: Grafen syner målingar av arsen ved Holmefjord vassverk. Dei to første prøvene som vart tekne i januar 2022, syner ei dobling samanlikna med året før.

– Ikkje akutt helsefare

Dei to første prøvene som vart tekne i januar 2022 (sjå graf), syner ei dobling samanlikna med året før.

– Årsaka til det veit vi førebels ikkje, og det har difor blitt tatt fleire prøver for å utelukka analysefeil. Dei nye prøvene syner noko lågare konsentrasjon, men framleis over grenseverdien, skriv kommunen i artikkelen.

Kommunen skal undersøkja saka nærare, finna kjelda, og finna ut kvifor denne betydelege endringa oppstod.

– Dette vil vi gjera ved å ta prøver frå eit nærliggande borehol og private brønnar i nærleiken.

Det vert understreka at funna av arsen i drikkevatnet frå Holmefjord vassverk ikkje utgjer ein akutt helsefare. Men ein skal ikkje ha for høge verdiar av arsen i drikkevatnet gjennom eit heilt liv. Det kan på sikt føra til helseskade.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arsen er eit kjemisk grunnstoff som er veldig giftig. Bruk av arsen er difor underlagt strenge restriksjonar. Ein har til dømes ikkje lov til å nytta arsen som impregnering av trevirke lenger, eller som rottegift i form av høgkonsentrert arsenikk, vert det påpeika.

– Hjelper ikkje å koka vatnet

Arsen i drikkevatnet er ifølgje artikkelen lite utbreidd i Noreg. Kunnskapsgrunnlaget knytt til korleis ein skal handtera saka er med andre ord relativt avgrensa.

– Det er vanskeleg å gjera tiltak som fjernar så låge konsentrasjonar av arsen frå vatn. Det hjelper til dømes ikkje å koka vatnet som ved ein bakteriell forureining. Arsen kjem som oftast frå berggrunn, men kan også koma frå gamalt impregnert trevirke og leidningar som avgir arsen til drikkevatnet, skriv kommunen og understrekar at ein alt er i gang med å undersøkja om dei høge verdiane skuldast berggrunnen eller har eit anna opphav.

Kommunen skal ta jamlege prøvar i 2022 for å sjå om det kan vera sesongvariasjonar. Ein søkjer også å finna ut om det finst løysingar for å skilja ut arsen gjennom vassbehandlinga, går det fram av artikkelen.

– Saman med Folkehelseinstituttet (FHI) vil vi vurdera helsefaren ved arsenkonsentrasjon rundt, og over grenseverdiane i drikkevassforskrifta, heiter det.

Abonnentar som er tilknytt Holmefjord vassverk, føresette til barn på skulen og i barnehagen, og øvrige bebuarar i Holmefjord vert dessutan inviterte til eit informasjons- og folkemøte tysdag 8. mars. På møtet, som finn stad i gymsalen på Nore Fusa skule, vil det vera representantar frå kommunen, FHI og Bergen Vann som skal orientera om saka og svara på spørsmål.