Leigland Bygg AS er blitt ein av hovudsponsorane i Os. Avtalen gjeld dei neste tre åra.
Leigland Bygg AS er blitt ein av hovudsponsorane i Os. Avtalen gjeld dei neste tre åra.

Fusa-bedrift blir ein av hovudsponsorane til Os

– No tek fusingane over Os!

Det seier Mikal Leigland til osturn.no etter at han hadde signert avtalen som gjer Leigland Bygg As til ein av hovudpartnarane til klubben dei neste tre åra.

Vil gje alle ein sjanse

Vidare seier Leigland at han alltid har vore oppteken av å støtta dei frivillige og at alle skal få like mogelegheiter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest difor at det er viktig å ta vare på breiddeidretten, samstundes som det er ein fornuftig pyramide, slik at dei som vil kan få utvikla seg vidare, seier han til osturn.no.

Endre Brenne i Os seier at det er veldig kjekt å få til eit samarbeid med Leigland Bygg, som han meiner står for mange av dei same verdiane som klubben.

– Det er veldig kjekt å få med Leigland Bygg, som er ei stor, tradisjonsrik og veldriven verksemd frå Fusa.

Framtida ser lys ut

Leigland Bygg er ein av etter kvart mange verksemder som sponsar klubben på Kuventræ. Brenne fortel at det verkar vera mange som ønskjer å assosiera seg med Os Fotball.

– Generelt opplever vi næringslivet i Os og Fusa som veldig imøtekommande og positive til det vi held på med. Eg trur fleire og fleire ønskjer å assosiera seg med Os Turn Fotball fordi vi tek eit viktig samfunnsansvar, med Os Gatelag, Eat Move Sleep, miljø/berekraft og tiltak for eldre, i tillegg til at vi har allsidig og god aktivitet for våre medlemer. Framtida for klubben ser lys ut, seier Brenne.