Fylkesberedskapssjef Arve Meidell, brannsjef Gunnar Hatlelid, beredskapskoordinator Ella Marie Brekke Vangsnes og ordførar Atle Kvåle.
Fylkesberedskapssjef Arve Meidell, brannsjef Gunnar Hatlelid, beredskapskoordinator Ella Marie Brekke Vangsnes og ordførar Atle Kvåle.

Fusa best på beredskap

Fusa er ikkje berre best i Forbrukerrådet sin test av kommunetenester. Torsdag vart kommunen også kåra til "Årets beredskapskommune i Hordaland i 2016".

Kommunen har det siste året utmerkt seg med godt og systematisk arbeid knytt til samfunnstryggleik og beredskap, og får prisen for vel utført arbeid, og som motivasjon for vidare arbeid, heiter det på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

Ordførar Atle Kvåle tok imot prisen på vegner av Fusa kommune. I takketalen la han vekt på kor viktig det er med systematikk i arbeidet knytt til samfunnstryggleik og beredskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren rosa òg beredskapskoordinator i kommunen, Ella Marie Brekke Vangsnes, som saman med brannsjef, Gunnar Hatlelid, har gjort ein framifrå innsats for kommunen på området.

Ifølgje pressemeldinga frå fylkeskommunen sa ordføraren også spøkjefullt at det ikkje er noko prestasjon å vinna éin gong.

- Utfordringa er å oppretthalde prestasjonen dei komande åra.

I grunngjevinga for kvifor Fusa stakk av med årets pris, heiter det mellom anna at kommunen har utvikla ein oversiktleg struktur i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Kommunen synte dessutan gjennom tilsynet tidlegare i år at ein har eit samordna bilete av risikofaktorar med ein "raud tråd" frå identifisert risiko til tiltak som skal setjast i verk.

- Kommunen har elles vist at han har stort fokus på samfunnstryggleik og beredskap både i handtering av hendingar og øvingar, ved utarbeiding av kommunale planar, samt ved å arrangera årlege beredskapsmøte, går det fram av pressemeldinga.

Fylkesberedskapssjef Arve Meidell delte ut prisen på ei fagsamling for kommunale beredskapskontaktar på Voss i går, og er, som tidlegare år, eit bilete av Audun Hetland med tittelen "Springflod".