4-krunesetelen er trykt på bomullspapir med vassmerkemønster og har ei rekkje tryggingselement for å hindra forfalsking
4-krunesetelen er trykt på bomullspapir med vassmerkemønster og har ei rekkje tryggingselement for å hindra forfalsking

Fusa får sine eigne pengar

Vennelaget for Koldalsfossen lanserer 4-krunesetel med tidlegare ordførar som hovudmotiv.

Lanseringa skjer laurdag på Kommunetunet i Eikelandsosen.

Det nystifta «Vennelaget for Koldalsfossen» vil ta vare på og vidareutvikla området rundt Koldalsfossen, med historiske bygg, kultursti og jettegryter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Smørfabrikken like ved fossen er eit landemerke som me vil gjera om til «kulturfabrikk». Me opplever stor entusiasme for saka vår. Dette har folk tydelegvis tenkt på lenge. Dette kan bli Fusa sitt svar på Osaena på Os. Som kjent skal Os og Fusa bli ein kommune frå 1. januar 2020, kommenterer Morten Holmefjord som er med i styret i venelaget.

For å finansiera ein detaljert områdeplan, lanserer vennelaget no ein ny 4-krunesetel. Setelen har ein verdi på 400 norske kroner og kan brukast i utvalde butikkar i Eikelandsosen frå 26. mai til 26. juni.

Hovudmotivet på framsida er andre ordførar i Fusa kommune, Gitle Havsgård (1923-1995).

- Havsgård var ein svært omtykt mann som det stod respekt av. Å gi han plass på 4-krunesetelen, er vår måte å heidra hans minne, seier Holmefjord.

Baksida syner Koldalsfossen med det som den gongen var «Smørfabriken Viking».

Setelen er formgitt og trykt hos Gabris Banknotes i Bratislava i Solvakia, i samarbeid med vennelaget.

- Formgivaren Matej Gabris har teikna og forfalska pengesetlar sidan han var åtte år gamal. Seinare oppgav han denne usunne innfallsvinkelen og fann ut at det kunne vera ein måte å uttrykkja seg på. Han likar å laga alternative betalingsmiddel for kontroversielle område som Kosovo, Skottland, Katalonia og Sameland, fortel Holmefjord.

På Fidel Castros 77-årsdag sende Gabris 100 setlar med El Commandantes portrett og fekk ei personleg helsing i retur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slovaken kjem eins ærend til Fusa for å vera med på lanseringa.

4-krunesetelen er trykt på bomullspapir med vassmerkemønster og har ei rekkje tryggingselement for å hindra forfalsking, mellom anna ein usynleg logo og ei åttebladrose i gullfolie inspirert av fusabunaden.

Kopiering og mangfaldiggjering vil bli politimeldt, legg Holmefjord til.

jostein@osogfusa.no