Tysdag 30. oktober kjem Jørg Westermann, dagleg leiar for Norsk Bane AS, også kalla «Vestlandsbanens far», til Fusa senioruniversitet.
Tysdag 30. oktober kjem Jørg Westermann, dagleg leiar for Norsk Bane AS, også kalla «Vestlandsbanens far», til Fusa senioruniversitet.

Fusa senioruniversitet: Høgfartstog i Hordaland - er det fart i planen og er Fusa med på kartet?

− Korleis står det til med Vestlandsbanen over Haukeli? Er du av dei som lurar på det, kan neste foredrag i Fusa senioruniversitet vera noko for deg.

Tysdag 30. oktober kjem Jørg Westermann, dagleg leiar for Norsk Bane AS, også kalla «Vestlandsbanens far» for å gje svar på dette og andre spørsmål.

For det er Norsk Bane AS som arbeidar med saka. Det var dei som i 2008 ba Deutsche Bahn International om ei utgreiing om høgfartstog i Noreg. Det er denne utgreiinga det vert arbeidd vidare på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven ynskjer seg høgfartstog her vest? Det er Lyntog-forum Vestlandsbanen over Haukeli, der kommunar, bedrifter og andre organisasjonar samarbeider. Tanken er å få på plass høgfartsbanen Oslo – Bergen-Haugesund-Stavanger i eit fleirbrukskonsept for både langdistanse-, regional- og godstrafikk.

«Frå Norsk Bane si utgreiing med Deutsche Bahn International har me detaljerte traséframlegg og drifts- og samfunnsøkonomiske analysar med svært positive resultat. Dei detaljerte planane opnar for rask realisering så snart politiske vedtak er fatta. Vestlandsbanen blir også InterCitybane Bergen – Haugesund – Stavanger og gjev eit stort felles arbeids- og kompetanseområde på Vestlandet, med svært korte reisetider internt, samt til/frå Austlandet», ytra dei i fjor sommar då dei vitja Sauda.

«Vestlandsbanen vil også gje ein påliteleg og effektiv godstransport på ca. 5 timar mellom Vestlandet og Oslo, over natta til kontinentet. Vestlandsbanen er framtidsretta og smart samferdsel, som gjev høg mobilitet på ein berekrafteg måte. Deutsche Bahn International konkluderer med at inntektene til banen vil vera så store at dei vil dekkje både dagleg drift av toga, vedlikehald og nedbetaling av heile investeringa over 30 år», påpeika Lyntog-forum Vestlandsbanen over Haukeli.

Og ikkje berre det. «Elektrifisering av store mengder overført fly-, bil- og godstrafikk til bane, vil bidra til store kutt i klimautsleppa», vert det sagt om høgfartstog. Nordmenn flyg fem til ti gonger så mykje innanriks som dei fleste europearar. I klimasamanheng er flytransport ein versting. Då er det vel interessant at det finst ei form for samferdsle som kan gjera noko med det? Som kan få passasjerar ned frå flya og over i høgfartstog som går på fornybar energi i 270–300 km timen.

Det har ikkje gått den vegen i nasjonal politikk, men kven veit om omsut for klimaet kan endra på det?

Nyleg fekk formannskapet i Fusa kommune besøk av Thor W. Bjørlo, kommunikasjonssjef i Norsk Bane AS (Os & Fusaposten, 25. september). No er det vår tur, alle oss andre interesserte i Fusa, å få høyra om saka. Kan henda me kan vera med og påskunda framdrifta av det som av Norsk Bane vert kalla «det billigaste klimatiltaket staten kan gjera».

Bjørghild des Bouvrie

Hans Vindenes

Fusa senioruniversitet