Stengt veg: Raset vart meldt i 10-tida i føremiddag. Biletet er teke av brøytemannskapa til Helland Hogst.

FV 5110 er opna igjen etter raset i føremiddag. – Same stad som sist

I oktober hamna nær 30 tre i vegbanen i Øvre Hålandsdal. I raset i føremiddag var det snakk om langt mindre mengder.

OPPDATERT: Vegen vart opna igjen ca. klokka 13.40.

– Det skal vera snakk om ei rotvelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skreiv Vegtrafikksentralen vest på X (tidlegare Twitter) klokka 10.17.

Raset skal ha gått på FV 5110 mellom Berlandstveit og Tveitnes.

– Entreprenør er på veg for å rydda, går det fram av meldinga.

I oktober hamna nær 30 tre i vegbanen på same stad. No er det ifølgje entreprenør, Frank Jacobsen i Mesta, snakk om langt mindre mengder.

Les også
Vegen er opna att: Nær 30 (!) tre låg ned over vegbanen

– Eg har ikkje vore på staden sjølv, men slik eg har fått det skildra er det tre og litt jordrestar som har kome ned. Raset er ikkje like stort som sist, fortel Jacobsen.

Når vegen vert opna att, er førebels uvisst.

– Det tek litt tid å få maskinane på plass, så det går truleg nokre timar, opplyser Jacobsen.

Fylkesveg 5110 går mellom Holdhus og Tveita i Bjørnafjorden kommune. Fram til 2019 heitte vegen FV 123.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stengt: Raset fann stad på FV 5110, mellom Berlandstveit og Tveitnes. Vegen heitte tidlegare FV 123.