Den teknisk svikt-utsatte ferjesambandet Hatvik-Venjaneset er blant problema Os kommune ønskjer å drøfta med Hordaland fylkeskommune.
Den teknisk svikt-utsatte ferjesambandet Hatvik-Venjaneset er blant problema Os kommune ønskjer å drøfta med Hordaland fylkeskommune.

Fylkeskommunen snur: Os og Fusa får vera med på oppvaskmøte om ferjene

På tysdag kom det fram at Fylkeskommunen ønskte å møta Austevoll kommune åleine til møte om problematikk knytt til ustabile ferjer. No blir møtet opna for fleire.

Tysdagmelde Os og Fusaposten at Fylkeskommunen ikkje ønskte fleire enn Austevoll-ordførar Morten Storebø på møtet om ustabile ferjer. Dette er eit problem i øy-kommunen i vest, men også for dei andre kommunane kring Bjørnefjorden. I tillegg skulle dei varsla nedgangen i ferje-avgangar drøftast på møtet.

Trudde det var unikt Austevoll-problem

I formannskapet tysdag vart problemstillinga drøfta og det vart vedteke at Os kommune skulle ta ein ny kontakt opp mot fylkeskommunen. Fredag kunne Marie Bruarøy fortelja at fylkeskommunen har ombestemt seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg snakka nettopp med fungerande Fylkesordførar Pål Kårbø. Han vedgjekk at fylkeskommunen hadde feilvurdert situasjonen. Dei trudde at det eksisterte utfordrinar berre i Austevoll, fortel Marie Bruarøy.

Os-ordføraren kunne sjølvsagt orientera om at dette ikkje er tilfelle, og no blir det lagt opp til eit fellesmøte i staden. Både Os, Fusa og Tysnes får vera med på møtet som ein vil prøva å få til før sommarferien.

ol@osogfusa.no