Ei full kvinne sette seg bak rattet seint laurdags kveld - ho vart stoppa ikkje langt frå Os sentrum.
Ei full kvinne sette seg bak rattet seint laurdags kveld - ho vart stoppa ikkje langt frå Os sentrum.

Fyllekøyring og ruteknusing

Trass i at regnet bøtta ned hadde politiet hendene fulle natt til sundag.

Vakthavande ved Hordaland politidistrikt seier at dei har hatt den største politimannen på jobb heile natta - og siktar til regnvêret. Men i Os var det likevel ein del å gripa fatt i.

Rusa kvinne bak rattet

Klokka 22.55 i går kveld stoppa politiet ein personbil under ein rutinemessig kontroll. Det viste seg at den kvinnelege sjåføren i 30-åra var kraftig rusa. Det vert oppretta sak mot henne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knuste ruter

I tre-tida fekk politiet melding om knuste ruter i Os sentrum. Det var eit tomt lokale i Brugata, og vakthavande ved Hordaland politidistrikt seier at det vert opp til huseigar om dei vil melda forholdet.

Då nattklubbane stengde (kl 3.30) oppstod det amper stemning i Torggata. Politiet kom raskt til staden og fekk roa gemyttane.