Stakk av: Onsdag ettermiddag blei ein politipatrulje kontakta av ein tilsett ved YX 7-Eleven etter eit såkalla "bensin-stikk". (Illustrasjonsfoto/arkiv)

Stal bilskilt, fylte for 1.700 kroner og stakk av. Politiet bed om tips

Politiet fekk melding om «bensin-stikk».

Onsdag ettermiddag blei ein politipatrulje kontakta av ein tilsett ved YX 7-Eleven etter eit såkalla "bensin-stikk".

– Eit køyretøy hadde fylt bensin for ca kr 1700 og stukke frå staden. Politiet klarte å sjå skiltnummeret på bilen. Skiltet viste seg å vera stole frå ei adresse i Bergen, opplyser vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Køyretøyet var ein blå VW Passat og mannen hadde på seg ein raud jakke med pels rundt hetta, ifølgje politiet.

Han var mest sannsynleg åleine i bilen.

Ifølgje video av hendinga fann «bensin-stikket» stad like før kl 12.

Politiet ber vitne som kan ha vore på staden og observert mannen, om å melda seg.

– Det blei gjort søk etter mannen utan resultat. Politiet har mottatt melding frå eigar av det stolne bilskiltet, opplyser vakthavande.