Politiet måtte også natt til årets siste dag rykka ut etter melding om ein rusa person inne på solstudioet iIdrettsvegen. Ambulanse vart sidan tilkalt og personen overlaten til helsepersonell. (Arkivfoto)
Politiet måtte også natt til årets siste dag rykka ut etter melding om ein rusa person inne på solstudioet iIdrettsvegen. Ambulanse vart sidan tilkalt og personen overlaten til helsepersonell. (Arkivfoto)

Fyrte av fyrverkeri i bosspann

Nokon starta feiringa tidleg på Søfteland i går kveld, og svidde av fyrverkeri-budsjettet i eit bosspann.

Gjerningsmennene vart sett springande frå staden. Det er meldt om mindre skader på bossspannet.

Politiet måtte også natt til årets siste dag rykka ut etter melding om ein rusa person inne på solstudioet iIdrettsvegen. Ambulanse vart sidan tilkalt og personen overlaten til helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

I går kveld stogga ein patrulje ein bil etter ustabil køyring på Lepsøy. Det vart teken blåseprøve av sjåføren. Resultatet vart 0,0. Politiet fekk inga god forklaring på den oppsiktsvekkande køyringa, men det vart ikkje oppretta sak.

Seint i natt fekk politiet telefon frå ei kvinne som fortalde at nokon hadde stukke ein paraply inn i hjulet på bilen hennar. Paraplyen var kilt borti bremseklossen og kvinna fekk ikkje paraplyen ut på eiga hand. Politiet kom til unnsetning, slik at kvinna etter kvart kunna køyra heim.

Politiet har også hatt ein trafikkontroll. Resultatet vart berre små anmerkningar som manglande baklys etc.

Ellers melder vakthavande ved operasjonssentralen om ei roleg natt før nyttårsafta.

- Me kan risikera at det er litt meir action å melda om når du ringjer i morgon tidleg, seier han vel vitande om at det ventar storstilt nyttårsfeiring i kveld.