Catten AS og Orion restaurant, her representert ved Bjarte Andersen og Sharam Rezai, gler seg til å samarbeida under Osfest. Dei må berre få innvilga søknaden om uteservering først.
Catten AS og Orion restaurant, her representert ved Bjarte Andersen og Sharam Rezai, gler seg til å samarbeida under Osfest. Dei må berre få innvilga søknaden om uteservering først.

Går saman om å skapa sentrumsliv under Osfest

Verken Catten AS eller Orion restaurant får ha uteservering åleine under Osfest, men om dei samarbeider er kommunen positiv.

Innehavar av Catten, Bjarte Andersen, har søkt to gonger til kommunen om å få lov til å ha uteservering og live-musikk under Osfest. Han har fått avslag på begge søknadane. Orion har også søkt om uteservering, med same resultat som Catten.

- Eg blei skuffa då eg fekk avslag, men no ser det ut til at det kan ordna seg. Kommunen seier at dei er positive til tiltak som kan skapa liv i sentrum. Det er nettopp det vi prøver på. Dette blir bra, seier Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gler seg til å samarbeida

Kommunen skriv i ein e-post til Andersen at dei har motteke søknadar frå både Catten og Orion.

- Catten har tidlegare fått avslag på telt utanfor lokalet av omsyn til Orion, og Orion vil såleis igjen får avslag på telt utanfor av omsyn til Catten. Vi vil likevel innstilla positivt til at det blir sett opp telt med serveringsbord utanfor lokalet til Catten og Orion. Dette med føresetnad at det blir inngått ein formell avtale de i mellom om samarbeid under Osfest.

- Eg forstår ikkje kvifor vi fekk avlag når vi søkte åleine. Eg hadde ikkje hatt noko problem med at Orion også hadde telt utanfor. Men det sama kan det vera. No skal vi samarbeida, seier Andersen og smiler.

Shahram Rezai i Orion restaurant, gler seg også til samarbeidet.

- Eg trur det blir betre å samarbeida enn å ha telt åleine. Då kan vi jobba saman om å trekkja til oss kundar, og samla dei på éin plass. Då kan vi samarbeida om å gje dei ei betre oppleving, og dermed ein betre kveld, seier Rezai.

Får ikkje spela musikk?

I søknad nummer to, ønskte Andersen eit telt mellom GH Interiør og Oshjørnet. Det fekk han som kjent ikkje, og det får heller ikkje Catten og Orion lov til om dei samarbeider.

- Dette hovudsakleg på grunn av at det er snakk om ei utviding av skjenkeområde for eksisterande skjenkeløyve. Då blir det unaturleg at det utvida skjenkeområdet det er snakk om, er lokalisert over gata, skriv kommunen.

- Vi kjem til å ha eit telt rett utanfor lokala, seier Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om dei får innvilga søknaden, skal Orion stå for maten i teltet, medan Catten står for drikke.

Dei ønskjer også å spela musikk.

- Det er kommunen negativ til. Vi er blitt beden om å la vera med musikk fordi det kan konkurrera med Osfest. Vi konkurrerer ikkje med Osfest om vi har litt enkel underhaldning utandørs, seier Andersen.

Saka ligg hos lensmannen

Andersen og Rezai har følgt oppmodinga frå kommunen. Søknaden ligg hos lensmannen, som skal vurdera han, før kommunen skal avgjera saka.

- Eg kan ikkje forstå noko anna enn at alt er greitt om lensmannen seier ja. Vi fekk jo beskjed frå dei i kommunen at dei var positive til eit samarbeid oss mellom.