Vil informera: Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas forklarer kva som er årsaka til kjempehoppet i kommunale gebyr.

Går ut med forklaring på rekordauken i kommunale gebyr

Vass- og avlaupsgebyra gjer eit kjempehopp i 2023. No går Bjørnafjorden kommune ut med «meir informasjon» om kvifor det måtte bli slik.

Det er ikkje berre matvareprisane som aukar. Det gjer, som Os & Fusaposten tidlegare har skrive om, også dei kommunale avgiftene.

På det siste møtet før jul, vedtok kommunestyret nye gebyrsatsar for 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant desse, finst ein auke i vassgebyra på 7 prosent, medan avløpsgebyra aukar med heile 18 prosent.

No gjer kommuneadministrasjonen noko litt sjeldan, ved å gå ut med ei forklaring på kvifor nettopp desse to aukar såpass mykje.

Som dei sjølv skriv på heimesida si: «Dette er ein stor auke og kommunen ønskjer difor å koma med meir informasjon kring dette».

Stikkordet for vass- og avlaupsområdet er sjølvkostprinsippet. Altså at inntekter for ei teneste eller eit produkt, ikkje skal overstiga kostnadene ved å produsere tenesta eller produktet.

Over tid (rekna som fem år) skal inntekter og kostnader balansera, eller «gå opp i opp».

Endå enklare sagt, ein betaler det det kostar, verken meir eller mindre.

Store investeringar

Kommunelova gir overordna reglar for korleis ein skal rekna ut sjølvkost, medan sjølvkostforskrifta gir meir detaljerte reglar.

Her er både direkte og indirekte kostnader. I tillegg kjem driftsutgifter til vass- og avlaupsanlegga, så vel som kapitalkostnader (avskrivingar og renter).

Artikkelen held fram under annonsen.

I Bjørnafjorden er det over tid brukt mykje pengar på vass- og avlaup. Dermed er ein stor del av kostnadene, faktisk over halvparten, knytt til avskrivingar og renter.

Dette fordi rentenivået har auka uvanleg mykje i 2022. Det gir ein stor auke i rentekostnadene for sjølvkostområdet, for både 2022 og 2023.

Ved nyttår hadde vass- og avlaupsområdet i Bjørnafjorden kommune rett over ein milliard kroner i balanseførte anlegg. Det betyr at kvar abonnent har ei gjeld på kr 150.000.

Av dette er om lag 66 prosent knytt til avlaup, medan 34 prosent er knytt til vatn.

«Denne auken i rentekostnader betyr at det dessverre er nødvendig å auka vass- og avløpsgebyra i 2023.»