Søre Neset Sanitetsforening gav pengar til Luranetunet måndag.
Søre Neset Sanitetsforening gav pengar til Luranetunet måndag.

Gåve frå lokale eldsjeler vil fylla tropehagen med ny aktivitet

– Eg har allereie fleire idear til kva me kan bruka pengane til, seier aktivitetsleiar på Luranetunet, Øystein Grytøyr.

Måndag føremiddag overrekte leiar for Søre Neset Sanitetsforeining 15.000 kroner til sjefen på Luranetunet, Aud Winsents.

– Me håpar at pengane kan gje mykje glede for bebuarane, sa Mona Venner Solberg, under overrekkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pengane har damene samla inn gjennom å bruka fritida si på å selja fastelavnsris der folk samlast.

– Osingane var ikkje vanskelege å få med då dei høyrde at inntektene gjekk til Luranetunet, seier Solberg.

– Mottoet vårt er «Omtanke i nærmiljøet», og dette prosjektet handlar om nettopp det, seier ei av sanitetskvinnene.

Mona Venner Solberg overleverte gåva til einingsleiar Aud Winsents.
Mona Venner Solberg overleverte gåva til einingsleiar Aud Winsents.
Øystein Grytøyr har fått fleire innspel til kva pengane kan nyttast til.
Øystein Grytøyr har fått fleire innspel til kva pengane kan nyttast til.

Basketball-korger?

Serviceleiar Øystein Grytøyr seier at midlane skal nyttast til å gje auka fysisk aktivitet til bebuarane. Akkurat kva det vil bli, er ikkje avgjort enno, men det er kome fleire innspel.

– Det kan henda at det blir ein type aktivitet i skjeringspunktet mellom spel og trening. Ein av ideane er å kjøpa inn nokre basketball-korger i liten skala, fortel Grytøyr.

Winsents seier at dei opplever at fleire tradisjonelle aktivitetstilbod har blitt meir populære etter at dei vart flytta ut i Tropehagen som arena. Luraneslåtten hadde til dømes 120 deltakarar nyleg.

– Det hadde ikkje vore mogleg i det gamle lokalet. No er me midt inne i prosessen med å finna ut kva meir innhald me kan skapa i tropehagen, og denne gåva frå sanitetsforeininga passar midt i blinken der, seier Winsents.

ol@osogfusa.no