Bølevika: Ulukka er opplyst å ha skjedd like aust for Bølevika på Austevoll.

Dykkarbåt gjekk på grunn: Tre menn i 20-åra på veg til Haukeland

Hovudredningssentralen koordinerer redningsaksjonen i Langenuen-området.

Klokka 06.50 gjekk ein 30 fots dykkarbåt på grunn i Langenuen-området/Bølevika i grenseområdet mellom Austevoll og Bjørnafjorden kommune.

Det melder Vest Politidistrikt på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båten skal no stå plassert på ein holme. Tre personar er om bord i båten. Ein av dei skal vera skadd.

Ambulansebåt og helikopter kom fram til havaristen litt før klokka 7.30. Ambulansebåten fraktar no personane, som skal vera tre menn i 20-åra, i retning Bergen.

Der skal dei vidare til Haukeland Universitetssjukehus for sjekk.

Personane er medvitne, men det er ukjend skadeomfang.

Omstenda kring hendinga er førebels ikkje kjend.

Hovudredningssentralen Sola koordinerer aksjonen.