Fleire tilbod: Lange ventelister har ført til at Vestland fylkeskommune opprettar fleire tilbod som søkjarane ønskjer seg.

Gjenopprettar påbyggklassen ved Os vgs

Lange ventelister har ført til at Vestland fylkeskommune opprettar fleire tilbod som søkjarane ønskjer seg.

Tidlegare i år vart vedtok Vestland fylkeskommune å leggja ned tre påbyggklassar i fylket med ønske om å få fleire yrkeselevar ut i lære. Etter lange ventelister og mange reaksjonar, har fylket no vald å oppretta tre klassar igjen.

– Vi opprettar tre nye klassar for påbygging til generell studiekompetanse ved skulane våre, seier Øivind Høines, seksjonsleiar i avdeling for opplæring og kompetanse i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulane som får oppretta nye påbyggklassar er Eid vgs, Os vgs og Åsane vgs.

Glad på ungdomane sine vegne

Ei av dei som har jobba for å få til to påbyggklassar ved Os vgs den siste tida, og som no kan pusta letta ut, er ordførar Trine Lindborg.

– Eg er så utruleg glad på ungdomane sine vegner, jublar ho i telefonen, då Os & Fusaposten ringjer onsdag ettermiddag.

Ho understrekar også at ho er imponert over innsatsen til lokalmiljøet.

– Det har vore utruleg mange engasjerte i denne saka, både av lærarar, elevar og føresette. No ser ein at det har vore veldig meiningsfullt, seier Lindborg og legg til:

– No håpar eg at elevane gler seg og at dei er klare til eit nytt skuleår!