Tiltaksnivå D: Bjørnafjorden kommune vil følgja regjeringa sine anbefalte tiltak for omkringliggjande kommunar, såkalla tiltaksnivå D.

Gjer desse endringane i korona-tiltak frå og med måndag

Bjørnafjorden kommune vil framleis ha strenge tiltak den neste veka, men det blir nokre justeringar.

– Bjørnafjorden kommune har ikkje pågåande utbrot av koronavirus, men nærleiken til kommunar med pågåande utbrot og ein uoversiktleg smittesituasjon, gjer at styresmaktene framleis anbefaler noko høgt tiltaksnivå hos oss, skriv kommunen på sine heimesider.

Her vert det opplyst at Bjørnafjorden kommune vil følgja regjeringa sine anbefalte tiltak for omkringliggjande kommunar, såkalla tiltaksnivå D.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse smitteverntiltaka gjeld i Bjørnafjorden kommune frå 15. februar til og med fredag 19. februar 2021:

Skular:

Gult tiltaksnivå i barnehagar og på skular som for resten av landet.

Lokala ved universitet, høgskular og fagskular og vaksenopplæring held stengt for alle elevar og studentar. Tilsette følgjer reglane for arbeidslivet for øvrig. All undervisning og planlagde arrangement skal utsetjast eller gjerast digitale.

Elevar og studentar som er/skal i praksis i Bjørnafjorden kommune, kan gjennomføra denne på planlagt måte.

Idretts- og fritidsaktivitetar:

Det er tillate med organiserte idretts- og fritidsaktivitetar både for barn og vaksne.

Treningssenter kan halda ope for dei som er busette i kommunen. Sentera må sjølve vurdera korleis dei kan iverksetja nødvendige system som sikrar dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulesvømming, organiserte svømmekurs og organisert svømmetrening er tillate for barn og unge under 20 år og profesjonelle toppidrettsutøvarar.

Biblioteka er opne.

Offentlege stader og verksemder der det føregår organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar, kan halda ope for:

Barn og unge under 20 år

Utandørs aktivitet for vaksne

Organisert trening for toppidrettsutøvarar

Vaksne blir anbefalte å ikkje driva organisert aktivitet innandørs, men å trena utandørs dersom det er mogleg å halda god avstand. Toppidrettsutøvarar kan trena som normalt, også innandørs.

Arbeidsplassar:

Artikkelen held fram under annonsen.

Påbod om heimekontor for alle som kan. Arbeidsgivarar skal kunna dokumentere at tilsette i verksemda har fått beskjed om korleis dette skal gjennomførast. Reise til arbeid må sjåast som nødvendig. For dei aller fleste vil det likevel gjelde krav om heimekontor.

Butikkar:

Varehus og kjøpesenter skal halda stengt, men med nokre unntak for verksemder i kjøpesentera.

Følgjande butikkar på kjøpesenter og varehus kan ha ope:

Matbutikkar, inkludert kioskar, helsekost og andre som i hovudsak sel matvarer

Utsalsstader som i hovudsak sel dyrefôr og andre nødvendigheitsartiklar for kjæledyr og husdyr

Apotek

Bandasjistar

Artikkelen held fram under annonsen.

Optikarar

Serveringsstader

Vinmonopolet

Verksemder som frisør, hudpleiar, tatovørar mv. (sjå § 15 for heile lista)

Helsefaglege verksemder, som fysioterapeutar, kiropraktorar, fotterapeutar mv. (sjå § 16 for heile lista)

Bensinstasjonar

Salsverksemd til landbruk og dyreproduksjon

Lager- og grossistdelen i byggevareforretningar som sel til handverksverksemd og liknande

Artikkelen held fram under annonsen.

Varehus som har areal med vare- og tjenestetilbod som nemnd i lista rett over, kan halda desse areala opne

Butikkane kan halda ope for avhenting av førehandsbetalte bestilte varer, når utlevering kan skje på smittevernfagleg forsvarleg vis.

Restaurant, kafé, bar og hotell:

Skjenkestopp.

Følgjande verksemder og stader skal halda stengt:

Fornøyelsesparkar, bingohallar, spelehallar, leikeland, bowlinghallar og tilsvarande stader

Museum

Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre offentlege stader og verksemder der det føregår kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stader og verksemder der det føregår kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Svømmehallar, badeland, spa-anlegg, hotellbasseng og liknande må stenge, men kan halde ope for:

Skulesvømming, svømmekurs og svømmetrening for barn og unge under 20 år

Svømming for profesjonelle toppidrettsutøvarar

Rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør

Anna individuell behandling som det kan bestillast time til, og kor bad er ein del av behandling

Arrangement:

Nasjonale reglar for arrangement gjeld.

Munnbind:

Plikt til å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmer. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind. Munnbind skal brukast på offentlege stader som:

butikkar

kollektivtransport

innandørs stasjonsområde

serveringsstader

fellesområde på kjøpesenter

lokale for kultur, sports- og fritidsaktivitetar

trus- og livssynshus ved gravferd og bisetting

passasjerar skal bruke munnbind i taxi og sjåfør skal bruke munnbind når det er passasjerar i taxien

Slik definerer Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Virke kjøpesenter og varehus.

Anbefalingar:

Alle bør avgrensa sosial kontakt. Den nasjonale anbefalinga med maks fem gjester gjeld. Unntak for barn i same kohort i barnehage/barneskule.

Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige. Reise til arbeid må sjåast som nødvendig. For dei aller fleste vil det likevel gjelde krav om heimekontor.

Du kan dra til fritidsbustad i ein annan kommune. Men reis berre saman med medlemer frå eigen husstand, og ikkje ta imot besøk. Gjer alle innkjøp i eigen kommune før avreise. Ikkje oppsøk butikkar, serveringsstader eller møteplassar med mange menneske i hyttekommunen. Hald god avstand til andre i skiløypa, skitrekket og på gåtur. Sjekk kva for råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg desse.

Kommunane og fylkeskommunane bør vurdera om eksisterande forsterka tiltak i kollektivtransporten skal oppretthaldast.

Personar med høg risiko for å bli alvorleg sjuke eller døy dersom dei blir smitta av koronavirus, bør leva meir skjerma.

Ein-til-ein-verksemder, som for eksempel frisørar, bør innføre forsterka tiltak som bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å oppretthalde 1 meters avstand eller å redusere eller mellombels fjerne behandlingstilbod som gir nærkontakt ansikt-til-ansikt.

Testing og oppfølging av nærkontaktar og husstandsmedlemmer:

Det er anbefalt at kommunane og befolkninga vurderer testing på dag 7-10 i smittekarantenetida.

Nærkontaktane som er knytte til eit utbrot av det muterte koronaviruset, blir testa med PCR både ved inngang til karantenen (med éin gong dei er definerte som nærkontakt) og utgang av karantenen (tidlegast dag 7).

Nærkontakten sine husstandsmedlemer er i karantene fram til nærkontakten har fått negativt svar på første PCR-test.