Os-busette Dmytro Ostanin har alt helst på Magnus Carlsen i Stavanger.
Os-busette Dmytro Ostanin har alt helst på Magnus Carlsen i Stavanger.

Gjev Magnus Carlsen æra for at det blei sjakklubb i Os

Ein av grunnleggjarane bak Os sjakklubb, Dmytro Ostanin, kan fortelja at far og son Carlsen er noko av grunnen til at det i år blei sjakklubb i bygda.

I desse dagar er Os-busette Dmytro Ostanin (opprinneleg frå Ukraina) i Stavanger og følgjer tett turneringa Norway Chess der Carlsen nok ein gong utfordrar verdseliten. Med ei rating på ca. 2.300 er ikkje Ostanin nokon lettvektar heller, og han rapporterer frå arrangementet til den russiske sjakk-nettsida Chess-News – men også til facebookgruppa til den lokale sjakklubben i Os.

Svaret frå Carlsen

Ostanin fortel no at noko av årsaka til at det blei sjakklubb lokalt, var eit intervju han gjorde med far til Magnus Carlsen under same arrangementet i 2014.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spørsmålet var. Trur du Magnus hadde likt at det var ein sjakklubb i Os.

– Det ville nok Magnus blitt veldig glad for, svarte Henrik Carlsen den gongen.

– Som prest tok Dmytro Ostanin dette som ei velsigning, og tre år seinarehar Os sin eigen sjakklubb, seier Daniel Skotheim, som er styreleiar og medgründer for sjakklubben.

Svaret frå Henrik Carlsen vart viktig for grunnlegginga av Os sjakklubb.
Svaret frå Henrik Carlsen vart viktig for grunnlegginga av Os sjakklubb.
Prest, sjakkspelar og osing Dmytro Ostanin dekkjer eventet Norway Chess i Stavanger for den lokale sjakklubben og for Chess-News.
Prest, sjakkspelar og osing Dmytro Ostanin dekkjer eventet Norway Chess i Stavanger for den lokale sjakklubben og for Chess-News.

ol@osogfusa.no