Terje Søviknes synest det er fantastisk at nokon kan få nytte av dei utgåande "Os inspirerer"-effektane.
Terje Søviknes synest det er fantastisk at nokon kan få nytte av dei utgåande "Os inspirerer"-effektane.

Gjev milliongåve til Os i Østerdalen: – Er glad profilen og logoen får leva vidare

Kommunen gjev heile «Os inspirerer»-konseptet til namnebror-kommunen i Østerdalen. Ei gåve i fleire millionars-klassen.

Frå og med 2020 er «Os inspirerer» ein saga blott her heime, men ikkje for Os i Østerdalen. Os kommune har nemleg bestemt seg for å gje heile profilkonseptet, samt handlingsprogram, skilt, arbeidsklede, plakatar, vimplar, paraplyar og andre effektar til Os kommune i Østerdalen på Hedmark. Årsaka er enkel, her blir me heitande Bjørnafjorden kommune.

– Me er glade for å bli ein storkommune og at me får fusingane med på laget, men det er klart det er vemodig å gje slepp på «Os inspirerer». Programmet har vore ein stor suksess for oss og me har blitt veldig glade i heile konseptet, seier ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store verdiar

Med skilt, arbeidsklede, plakatar og ikkje minst profilpakken som inneheld verdisyn og konkretisering om kva kommunen skal vera for innbyggjarane sine, snakkar me om vesentlege verdiar.

– Det er rett at dette konseptet har sin verdi. Me brukte ein del pengar då me utarbeidde det tilbake i 2006. Likevel føler eg ikkje me tapar noko på å gje det vidare. Som Bjørnafjorden kommune kan me jo ikkje bruka det lengre uansett, understrekar ordføraren.

Kan ikkje ta betalt

I ei tid der Os kommune har brukt i overkant mykje pengar på reinseanlegget Ohara, er det påfallande for mange at Søviknes & co ikkje har tenkt å be om pengar for det godt etablerte og oppbygde profilkonseptet.

Til og med bilane kan Os kommune i Østerdalen få nytte av om dei betalar frakt og får dei over fjellet innan utgangen av 2019.
Til og med bilane kan Os kommune i Østerdalen få nytte av om dei betalar frakt og får dei over fjellet innan utgangen av 2019.

– Svaret på det er enkelt å greitt at det aldri var aktuelt med eit kjøp. Os kommune i Hedmark er hardt pressa økonomisk og ville aldri kunna betalt for dette. I staden ser me på det som ei sann glede at konseptet får leva vidare, og at dei gode tankane og ideane me hadde, får gjera nytte for seg ein annan stad. Alternativet hadde vore å kvitta oss med det aller meste av dette materiellet, seier Søviknes.

Han understrekar likevel at fraktkostnadene vil bli fakturerte.

– Me skal vera gåvmilde, men det er klart, me kan ikkje ha utgifter med å senda alt materialet over fjellet. Den kostnaden får Os kommune i Østerdalen ta seg råd til, konstaterer Søviknes.

Oransje er ein frisk farge

– Men trur du verkeleg at konseptet som de utarbeidde i 2006 vil passa til Sp-kommunen i Hedmark?

– Ja, det trur eg. Stort sett er det jo dei same konsepta kommunane kjem opp med når dei skal laga visjonar og verdiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og fargen då? Oransje?

– Det er ein fin og frisk farge som dei fleste liker. Ordførar Runa Finborud i Os i Østerdalen har alt gjeve tommelen opp for profilen me har sendt ho døme på, seier Søviknes.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no