Kontroll fredag kveld: Politiet stoppa og kontrollerte ein bil i Os fredag kveld.

Gjorde funn i bil: Mann i 30-åra mistenkt for køyring i påverka tilstand

Blei stoppa i Os fredag kveld.

Natt til laurdag stoppa og kontrollerte politiet ein mann i 20-åra på Søfteland. Det var Vest politidistrikt som først opplyste om dette, på X (tidlegare Twitter).

Vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon opplyser også at politiet i natt rundt klokka 2, kontrollerte ein bil på Søfteland. Sjåføren, ein mann i 20-åra, er mistenkt for køyring i påverka tilstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det blei gjort førarkortbeslag, skriv vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Funn i bil

Fredag kveld blei ein bil kontrollert i Os. Dette skal ha skjedd i 21-tida.

Ein mann i 30-åra er mistenkt for å ha køyrd i påverka tilstand. Det blei gjort førarkortbeslag.

Politiet opplyser også at det i bilen blei gjort funn av det dei meiner er narkotika. Det er ikkje opplyst kva stoff dei meiner det er eller mengde.

Kontroll på Halhjem ferjekai

Fredag morgon blei det utført kontroll med fokus på promille på Halhjem ferjekai. Politiet opplyser at ingen blåste raudt, men at ein bil blei avskilta grunna manglande periodisk køyretøykontroll (PKK).