Gløymte kvar lastebilen stod parkert

Onsdag morgon fekk politiet i Os melding om ein bergingsbil som var stole frå Industrivegen. Etter kort tid viste det seg at bilen stod parkert på nabotomta.

- Det var falsk alarm. Dei som hadde parkert bilen hadde ikkje heilt hovudet med seg, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Like heldige er ikkje dei som har mista syklane sine i Os dei siste dagane. Fimreite kan opplysa om at to syklar er meldt stole denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Den eine, ein svart/kvit GT Agresso med litt raudt på, vart stelt i nærleiken av Os barneskule. Den andre, ein grå DBS Logic, vart borte i området kring Os Sjøfront, seier Fimreite og bed folk som har opplysningar om dei to syklane om å ta kontakt med politiet.

Stein til 5.000 kroner

I tillegg til dei to syklane er det stelt eit Alutec stillas frå eit naust i Sørstrøno til ein verdi av 25.000 kroner. Ein osing som bestilte seg ein iPhone 6s frå finn.no fekk seg dessutan ei real overrasking.

- Pakken vart sendt i oppkrav, og vedkommande betalte for å få han utlevert. Inni låg det ein stein, seier Fimreite og legg til:

- Det var ein dyr stein. Han kosta 5.000 kroner.

Politiførstebetjenten oppmodar folk om å vera meir bevisste når dei bestiller ting på internett.

- Vi har ein mistenkt i saka. Vedkomande er busett i Buskerud, og saka vert difor oversendt til politiet der, opplyser Fimreite.