Os kommune, Svanehjelpen i Os og Norsk Ornitologisk Forening er samde i at flytting av Havnesjefen og familien kan vera ei god løysing.
Os kommune, Svanehjelpen i Os og Norsk Ornitologisk Forening er samde i at flytting av Havnesjefen og familien kan vera ei god løysing.

Gode nyhende for Havnesjefen

Det såg mørkt ut for Havnesjefen då Miljødirektoratet avslo søknaden om å la knoppsvana og familien få flytta til ei innhegning på Tysnes, men no kan det vera han får leva likevel.

Os kommune hadde måndag føremiddag eit møte med Svanehjelpen i Os på Rådhuset. Norsk Ornitologisk foreining var med over telefon. Resultatet av møtet er at ein vil sjå nærare på høve til å flytte Havnesjefen med familie.

– Eg, landbrukssjefen, brannsjefen og fungerande rådmann Paul Manger hadde eit konstruktivt møte med Sølvi Bugge og Trude Bahus. Arild Breistøl var med på telefon. Svanehjelpen kom med ny informasjon, som også var nytt for ornitologen, om flytting av svaner og erfaringar med det. Det er ikkje gjort forsøk på dette i Noreg, men i England har dei gjort ulike forsøk på å flytte heile svanefamiliar. Dei skal helst etablerast i flokkar, flokkdyr som dei er, seier ordførar Marie Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Felles forståing

No vil dei søkja til Miljødirektoratet om å få flytta svanefamilien. Det er ei eiga forskrift for fanging og flytting, den same som dei søkte etter når dei fekk avslag om å flytta svanefamilien til Tysnes.

– No skal vi ikkje ha dei i fangenskap. I avslaget frå Miljødirektoratet la dei vekt på at ein ikkje skal ha ville dyr i fangenskap. Vi ønskjer å flytta familien til ei annan stad i det fri, seier Bruarøy.

Ikkje i hennar villaste fantasi, hadde ho trudd at denne saka ville ta av som ho har gjort. No er ho glad for at saka snart er ute av verda, og at dei ser ut til å ha kome fram til ei løysing som alle er nøgde med.

– Det er felles forståing om at Havnesjefen må bort. Vi har vore inne på å flytta svana tidlegare i denne saka, men då var det ornitologane som sa at det ikkje var gunstig. No stiller alle, inkludert ornitologane seg bak dette. Det blir som eit prøveprosjekt for ornitologisk foreining. Det er nyttig for dei om det kan visa seg å vera effektfullt å flytta svanefamiliar.

Kommentarane på Facebook

Det er tydeleg at engasjementet har vore stort, og at bygda har vore splitta i sitt syn på om Havnesjefen bør få leva vidare etter at knoppsvana gjekk til angrep på ei lita jente i Mobergsvika for nokre veker sidan. I kommentarfelta under sakene har mange teke hardt i, og somme har gått langt over streken. Ordførar Bruarøy har sjølv fått kjenna på det. Ho er blitt kalla dyrehatar, megge og mykje meir. Ho har også fått høyra at nokre har kome med drapstruglsar mot ho, men det har ho ikkje sett sjølv.

– Det er mykje karakteristikk av meg som eg ikkje kjennar meg att i. Eg er til dømes ikkje ein dyrehatar. Eg er veldig glad i dyr, og har sjølv sauar, høns og katt. Eg har relativt god kunnskap om dyr, og svaner har eg lese meg godt opp på, seier Bruarøy og held fram:

– Når nokon skriv usanne ting om meg, så let eg det ikkje gå inn på meg. Men det er unødvendig. Folk bør tenkja seg om ein ekstra gong før dei publiserer noko. Det gjeld ikkje berre når dei skriv om meg. Det er generelt i kommentarfelta. Ein skal gå framfor med eit godt eksempel for barn og unge.