Atle Kvåle har alltid vore eit organisasjonsmenneske. Han starta som leiar for ungdomslaget i heimbygda. I dag er han ordførar.
Atle Kvåle har alltid vore eit organisasjonsmenneske. Han starta som leiar for ungdomslaget i heimbygda. I dag er han ordførar.

Godt trena organisator

Han hadde eigentleg tenkt å leggja lokalpolitikken på hylla, men ombestemte seg i siste liten. I dag meiner ordføraren i Fusa - naturleg nok - at det var eit klokt val.

Det er 22. oktober. Ute bøttar regnet ned. Inne i kommunestyresalen, eller biblioteket som det også heiter, tek varaordførar Atle Kvåle (Ap) plass ved sida av ordførar Hans S. Vindenes for aller siste gong.

Heilt sidan 14. september har han visst det. Kanskje før også. Arbeidarpartiet gjorde eit kjempeval i Fusa. Partiet gjekk frå 16,4 til 25,6 prosent i oppslutnad, og dobla talet på mandat i kommunestyret. No er tida inne for å hausta fruktene av valkampinnsatsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du må passa godt på det, seier Vindenes i det han legg ordførarkjedet om akslene på arvtakaren.

- Det var ein student som brukte studielånet sitt til å betala for det, fortel han.

God læringsarena

Ei veke seinare. Biblioteket er rydda. Lenger inne i gangen, byrjar Kvåle å finna seg til rette i den nye kvardagen.

Ordføraren trur sakene som vert viktige for Fusa dei fire neste åra er kommunikasjon, infrastruktur, folketal og skule. - Det er ingenting i vegen for å laga verdas beste skule i Fusa dersom vi sjølv ønskjer det. It's a matter of priority, seier han.
Ordføraren trur sakene som vert viktige for Fusa dei fire neste åra er kommunikasjon, infrastruktur, folketal og skule. - Det er ingenting i vegen for å laga verdas beste skule i Fusa dersom vi sjølv ønskjer det. It's a matter of priority, seier han.

- Korleis har den første veka vore?

- Travel. Det er mykje å setja seg inn i. Saker som rullar og går. Men òg ein del praktiske ting. Eg har nett fått kopla meg på systemet her, seier ordføraren.

Det vert ikkje mindre travelt i vekene som kjem. Torsdag for snart ei veke sidan tok kommunestyrerepresentantane plass i hesteskoen igjen. Då presenterte rådmann Berit Fløisand budsjettnotatet for 2016. Spesielt oppløftande lesing var det ikkje.

Sjølv karakteriserer ordføraren prosessen som det ferske kommunestyret no står overfor som svært, svært krevjande.

- Vi kjem til å jobba dag og natt med budsjettet i november. Målet er å hanka inn gapet frå 2015, som vi enno ikkje veit kor stort blir, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren var tydeleg i valkampen, og er tydeleg no. Det er for mange skular i Fusa.

- Samarbeidspartia (Ap, Frp, KrF og V) har fokus på éin ting, nemleg å etablera ein god læringsarena for elevane i Fusa.

Ordføraren meiner det ikkje kan koma som noko stor overrasking dersom dei fire partia går inn for å slå saman skulane på Fusa og i Strandvik og på Holdhus og i Eikelandsosen.

Enn så lenge, ventar han på administrasjonen si utgreiing av saka.

- Vi får sjå om det er tilstrekkeleg å slå saman to skular. Vår oppgåve er å utarbeida eit berekraftig driftsbudsjett for Fusa kommune. Det tyder færre tal skular. Diverre har vi ikkje høve til å byggja nye på kort sikt, men på lang sikt kan det verta resultatet, trur ordføraren.

Kroppsøving på timeplanen

Atle Kvåle er utdanna lærar. Han starta karrieren sin på Odda gymnas på byrjinga av 1980-talet.

- Det var eigentleg litt tilfeldig at eg vart lærar. Men eg har aldri angra på valet, seier han.

Kvåle har arbeidd ved Os yrkesskule si avdeling i Fusa, og på leirskulen i Hålandsdalen. Nokre år i oppdrettsnæringa har han òg på CV-en. Då Fusa vidaregåande skule opna dørene i 1990, vart han assisterande rektor, og sidan den gong har den tidlegare kroppsøvingslæraren først og fremst hatt fokus på administrative oppgåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det som forundrar meg mest no for tida, er når eg ser igjen elevane eg hadde i Odda i avisa. Dei er blitt 50 år!, seier Kvåle og ler.

For fire år sidan gav Ap-politikaren avkall på læraryrket for å satsa 100 prosent på politikken. Det han saknar mest frå tida i skuleverket, er ungdomane.

- Som lærar må ein sjølvsagt kunna faget sitt, men det som er endå viktigare, meiner eg, er at ein bryr seg om borna, seier han og legg til:

- Det var like spennande kvar haust, med ny klasse og ny gjeng. Mange klagar på "ungdomane no til dags", men dagens ungdom er mykje flinkare enn vi var, då vi gjekk på skule, påpeikar Kvåle.

Eitt steg til venstre

I barndomsheimen til ordføraren, var politikk alltid eit sentralt diskusjonstema. Men ikkje arbeidarpartipolitikk. Ordføraren kjem frå ein såkalla borgarleg heim. Faktisk tenderte han mot den borgarlege sida sjølv ein periode. Heilt i starten av den politiske karrieren.

- Eg var medlem av Høgre på slutten av 1980-talet. Det varte ikkje lenge, seier han.

Usemje om skulepolitikk, gjorde at han meldte seg ut av partiet i protest. Dermed var Kvåle fråverande frå politikken i nokre år, før han meldte seg inn i Arbeidarpartiet på midten av 1990-talet.

- Ap var tydelege på at dei ville ha ein meir rasjonell skulestruktur, seier han i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 1995 til 1999 var Kvåle leiar av planutvalet i Fusa. Deretter hadde han ein frivillig "pause" (han var framleis med i styret i Hordaland Ap, og lokallagsleiar i Fusa) frå politikken i fire år, før han gjorde comeback som varaordførar i 2003.

Det beste med å driva med politikk er, ifølgje Kvåle, å snakka med folk.

- Eg er veldig oppteken av den ombodsrolla som politikarane har. Å prøva å hjelpa folk til å finna gode løysingar i møtet med byråkratiet, er ein viktig del av jobben, meiner han.

For fire år sidan utvida 63-åringen den politiske horisonten ytterlegare. Han vart medlem av Hordaland fylkesting og fylket sitt samferdsleutval. Arbeidet med fylkespolitikken har vore utfordrande, spennande og lærerikt.

- Samstundes har det gjeve meg eit stort nettverk, både politisk og administrativt, som vil vera svært nyttig for meg som ordførar, seier han.

Det var arbeidet med fylkespolitikken som gjorde at han, i utgangspunktet såg føre seg å tona ned det lokalpolitiske engasjementet. Slik vart det ikkje. Snarare tvert i mot. Kvåle er framleis del av samferdsleutvalet, men noko leiarverv i fylkespolitikken vert det ikkje snakk om med det første.

- Som ordførar i Fusa vil det ikkje vera naturleg å ta på seg noko slikt. Men å engasjera seg i fylkespolitikken samstundes som eg held på med lokalpolitikk, trur eg er ein bra kombinasjon.

Kvåle er ikkje åleine. Av 57 fylkestingsmedlemer i komande periode, er seks ordførarar i heimkommunen. Åtte har dessutan vore ordførar tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulle gjerne hatt ei bru, vi også

Ordføraren meiner Fusa har mykje uforløyst potensiale. Spesielt på samferdslesida.

- Byen sig sørover. Vi må ta del i den veksten som finn stad i Os. Då må det leggjast til rette for at folk skal kunna ta steget vidare frå Os til Fusa, meiner han.

Ei bru hadde ifølgje Kvåle løyst mange problem.

- Men fusingane er litt meir beskjedne enn osingane. Vi klarer oss med ei mindre bru, påpeikar han.

Ap-politikaren har aldri lagt skjul på at han er fascinert av ein såkalla Bjørnefjord-kommune. Men Kvåle har vorte meir og meir reservert i forhold til kommunereforma etter kvart som tida har gått.

- Eg var meir optimist då saka kom på dagsorden enn eg er no, seier han.

Problemet, ifølgje ordføraren, er manglande trykk frå sentrale styresmakter. Kvåle etterspør ein meir offensiv kommunalminister.

- Dersom regjeringa meiner noko med reforma, må det leggjast meir pengar i potten. I tillegg må regjeringa meina noko om dei ulike samferdsleprosjekta, og vera villig til å vurdera fristane som er sette opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje tidsplanen skal dei lokale prosessane avsluttast i løpet av våren 2016. Det meiner Kvåle er heilt urealistisk.

- Det er for mange x-ar og y-ar inne i biletet. Regjeringa må visa at ho tek lokaldemokratiet på alvor. I tillegg må regjeringa vera tydeleg på kvifor vi skal etablera ein Bjørnefjord-kommune. Kva er fordelen? Hovudpoenget, slik eg ser det, må jo vera at tenestetilbodet vert betre enn det er i dag.

Kunstgras og knottar

Ingenting gjev Kvåle meir energi enn eit heftig ordskifte. Ordføraren prøvar rett nok å kanalisera energien frå konfliktsituasjonane til noko positivt.

- Hender det at du går lei av det politiske arbeidet?

- Ja, men det går fort over, seier han.

- Kva gjer du for å slappa av?

- Då ser eg på Dagsnytt 18, seier han og ler.

- Nei, då sit eg på ei lita gresk øy som heiter Antiparos og les skjønlitteratur. Eg og kona mi reiser med ein gjeng som har vore der fast sidan 1980-talet. Sist låg alle på ei lang rekkje på stranda og las Jo Nesbøs «Sønnen».

Ordføraren hevdar at han ikkje har grøne fingre.

- Hagearbeid er ikkje mi sterke side.

Grøne tær derimot, er det godt mogleg at han har. Kvåle spelte fotball aktivt til han var 30 år. Deretter gjorde han suksess som fotballtrenar i Eikelandsfjorden.

- Vi var steikandes gode på den tida. Vi spelte i 3. divisjon, fortel han.

Ap-politikaren likte seg så godt på fotballbanen at, dersom ikkje politikken hadde teke over fritida hans, så skulle han gjerne ha halde fram på benken.

- Fotball har mykje til felles med politikk. Faktisk burde alle politikarar hatt bakgrunn som trenarar, seier han og legg til:

- Som trenar lærar du å stå støtt i stormen, og å skilja kritikk av deg som person og konstruktiv kritikk.

Vil ha fleire kvinner

Ordføraren kjem frå eit gardsbruk på Bergegrend i Fusa. Då han var liten, dreiv far hans med mjølkeproduksjon. I dag er det ingen dyr att på garden.

Saman med kona har Kvåle tre jenter og éin gut. Men bortsett frå at ei av døtrene hans stod på Arbeidarpartiet si liste ved førre kommuneval, så har interessa for politikk så langt ikkje gjort seg gjeldande.

- Borna mine er opptekne av kva eg driv med, men om dei ønskjer å engasjera seg i politisk arbeid eller ikkje, må dei finna ut av på eiga hand. Sjølv var eg godt over 30 før eg verkeleg fekk augo opp for politikk, seier Kvåle.

Innan året er omme fyller ordføraren 64. Det betyr at ved neste kommuneval så er Kvåle del av den gruppa ein i Noreg likar å kalla pensjonistar. Om ordføraren beheld klubba like lenge som forgjengaren, dersom han får sjansen, kan han ikkje svara på.

- I politikken går livet i fireårsbolkar. Eg har fått høve til å fylla denne rolla no, og det set eg umåteleg pris på, seier han.

Éin ting er den nye ordføraren klingande klar på. Han skulle gjerne hatt fleire ungdomar, og ikkje minst kvinner, med seg i kommunestyresalen.

- I denne perioden er berre ein tredjedel av representantane kvinner. Det er ikkje godt nok, seier han og legg til:

- Det politiske arbeidet vert prega negativt av at kvinnene ikkje er til stades i tilstrekkeleg grad. Vi må finna ut kva som skal til for å få kvinnene til å engasjera seg meir. Vi kan ikkje berre ha 60 år gamle menn som premissleverandørar for den politikken vi fører.