Grasbrann: Brannvesenet driv sløkkjing på staden.

Grasbrann på Lysekloster

Brannvesenet har kontroll og driv no ettersløkkjing og dynking på staden.

Klokka 17.17 kom det melding om ein brann i terrenget på Edne 19 i Lysekloster. Bjørnafjorden brann og redning rykte straks ut og starta sløkkjing.

Brannstaden er på 10 x 10 meter og er nær Lysekloster barnehage og Lysekloster skule, men brannen kom ikkje i nærleiken av bygningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har brent i terrenget på adressa Edne 19.

Klokka 17.45 fortel brannsjef Espen Storum at dei har kontroll på staden.

— Nett no driv vi ettersløkkjing og dynking. Vi har med oss 13.000 liter vatn, så vi skal nok syta for at det vert skikkeleg vått.

Han nyttar høvet til å koma med nokre alvorsord.

— Folk må vera ekstremt påpasselege med bruk av open eld no, seier Storum som ikkje kan seia noko om årsaka til brannen.

Søndag fortel politibetjent Kjetil Hansen at det er oppretta sak på forholdet.

— Men per no har vi ingen opplysningar om kvifor det byrja og brenna.