Leiande helsesøster ved helsestasjonen i Eikelandsosen, Astrid Gaupholm, er glad for at fleire unge kvinner no får høve til å vaksinera seg mot viruset som forårsakar dei aller fleste tilfelle av livmorhalskreft. (Arkivfoto)
Leiande helsesøster ved helsestasjonen i Eikelandsosen, Astrid Gaupholm, er glad for at fleire unge kvinner no får høve til å vaksinera seg mot viruset som forårsakar dei aller fleste tilfelle av livmorhalskreft. (Arkivfoto)

Gratis vaksine til fleire

Nesten alle tilfelle av livmorhalskreft skuldast eit virus kalla humant papillomavirus (HPV). No får fleire unge kvinner tilbod om gratis vaksine.

Tidlegare har jenter som er fødde i 1997 og seinare, fått tilbod om HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. No vert ordninga utvida. Frå november og to år fram i tid, vil kvinner som er fødde i 1991 og seinare også få høve til å vaksinera seg utan kostnad.

- Det er veldig bra at fleire unge kvinner får dette tilbodet, seier leiande helsesøster ved helsestasjonen i Eikelandsosen, Astrid Gaupholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksinen er tilrådd til unge kvinner av di han førebyggjer livmorhalskreft, samt forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. HPV smittar ved seksuell aktivitet, og er svært vanleg.

Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, storparten i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg, og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft, går det fram av ei pressemelding frå Folkehelseinstituttet (FHI).

- Kontakt helsestasjonen

Kvart år får om lag 300 norske kvinner livmorhalskreft. Mellom 65 og 100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan ifølgje pressemeldinga gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksinen består av tre dosar som vert gjeve over ein periode på 6-12 månader. Tilbodet om gratis vaksine til dei som er fødd mellom 1991 og 1996, er mellombels. Vaksinasjonen må difor starta innan utgangen av 2018.

- Alle som er i målgruppa får ein SMS frå FHI. Kvinnene kan få vaksinen ved å kontakta helsestasjonen og bestilla tima, opplyser Gaupholm.

Helsesøstera understrekar at sjølv om ein har teke HPV-vaksinen, vert kvinner over 25 år tilrådd å følgja det ordinære screeningprogrammet, det vil seia celleprøve frå livmorhalsen kvart tredje år.

- Vaksinen er ikkje ei kreftvaksine, men ei vaksine mot HPV, som kan utvikla seg til kreft, seier Gaupholm.