Knut Prestvold er svært glad for det nye gratis-tilbodet frå Osbadet:
Knut Prestvold er svært glad for det nye gratis-tilbodet frå Osbadet:

Gratisbading for pensjonistane i desember

I advent blir det gratis bading i terapibassenget for pensjonistane ein dag i veka. – Dette er eit heilt glimrande tiltak, seier leiar i Os pensjonistforeining Knut Prestvold.

Tre tysdagar i desember blir det gratis bading for dei som har gått inn i pensjonistanes rekkjer.

– Me ønskjer at alle aldersgrupper skal bruka Osbadet, og pensjonistane er ei gruppe me ser det er litt lite av. Difor dette prøvetilbodet i desember, som me vonar vil bli teke godt i mot av pensjonistane, seier dagleg leiar Torbjørg Brattabø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at ideen kom under ein studietur til Danmark då dei besøkte eit badeland utanfor København.

– Der var det veldig mange pensjonistar i høve til kva me har her, og me lærte at dei hadde eit tilsvarande tilbod som var svært populært der, seier Brattabø.

Rein medisin for stive ryggar

Leiar i Os pensjonistforeining, Knut Prestvold, seier at han vil tilrå det nye tilbodet til alle sine medlemmer.

– Eg har nytta Osbadet mykje tidlegare, men då eg vart pensjonist fekk eg det så travelt.

– Kva synest du om dette introduksjonstilbodet frå Osbadet?

– Eg synest det er glimrande, særleg med tanke på å få nytta terapibassenget. Eg har ein bror i Rørvik som nyttar eit tilsvarande tilbod der oppe og som skryter veldig av korleis det varmar og losnar opp kroppen, seier Prestvold.

Terapibassenget held ein temperatur på ca. 34 grader, og ifølgje Brattabø gjer vatnet underverk for stive vinterkroppar.

– Ein del fysioterapeutar har sagt til sine pasientar at dei først må ta ein time i terapibassenget før dei kjem til behandling. For då er kroppane oppmjuka og lettare å bearbeida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho trur at noko av grunnen til at enkelte vegrar seg for å gå i Osbadet, er at dei er ustøe på eigne symjeevner.

– Noko av det me må få meir fram, er at du ikkje nødvendigvis må symja når du kjem hit. I terapibassenget er det ikkje djupare enn at du kan stå, og musklane har uansett godt av berre å bevega seg i det varme vatnet, seier Brattabø.

– Det er mange pensjonistar som har ryggplager – eg sjølv også. Noko av det som er herleg er at når du er i det varme vatnet, er det så mykje lettare å lea på seg, istemmer Prestvold.

Det sosiale er viktigast

Leiaren for pensjonistforeininga seier at å besøkja Osbadet – på same måte som å vera med i pensjonistforeininga – er ein utmerkt måte å få dekt det sosiale behovet.

– Etter at eg sjølv vart enkjemann, mura eg meg litt inne ei stund. Til slutt sa eg til meg sjølv at eg måtte koma meg ut og gjera noko. Eg kjende på trongen til å ha nokon å snakka med. Eg oppsøkte pensjonistforeininga der eg var passiv medlem, og der vart eg teken i mot med opne armar. Eg kjende meg heime med ein gong, og du kunne prata openhjartig med alle dei andre. Så det sosiale er noko av det viktigaste eg vil trekkja fram også som del av Osbadet sitt nye tilbod, seier han.

– Ja, når kommunen først har bygt dette flotte anlegget, er det viktig at me har brukarar frå babyar til pensjonistar. Og det sosiale er nok ein viktig faktor for å bli meir attraktiv for denne målgruppa, seier Brattabø.

Ho legg til at anlegget vil bli endå betre når nye Oshallen er ferdig.

– Med parkering i kjellaren vil du kunna ta heis frå parkeringshallen og rett opp til Osbadet. Det vil bli kjempebra, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det finst ikkje noko organisert fellestransport til Osbadet for pensjonistane i første omgang, men Brattabø vonar at pensjonistane kan koma seg til Osbadet for eiga maskin eller køyra kollektivt.

ol@osogfusa.no