Lesarbilete: Dette var eitt av dei herlege bileta me fekk tilsendt i fjor.

Gratulerer med dagen! - Send oss dine blinkskot frå feiringa

Me vil veldig gjerne dela dine blinkskot frå 17. mai med lesarane våre. Tre gåvekort ventar for dei som vert trekte ut.

Korleis skal du feira dagen i dag? Blir det heimefeiring i hagen eller smittevern-venleg feiring i nabolaget? Kanskje skal du vera med på ein av båtkortesjane i kommunen vår eller noko heilt anna.

Me vil veldig gjerne sjå dine blinkskot frå dagen. Send bileta til post@osogfusa.no, så er du med i trekkinga av gåvekort til ein verdi av 1000,- og 2 x 500,-.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi ynskjer alle våre lesarar ei strålande fin og smittevern-venleg feiring!