Politiet på staden: Politiet er på staden etter uhellet.

Gravemaskin fall av lasteplan - trefte personbil

Politiet er på staden etter eit arbeidsuhell på Drange.

Kokka 10.16 skal ein gravemaskin ha falle av planet på ein lastebil og deretter ha treft ein personbil.

Det er ikkje snakk om personskade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Drange: Ulukka skal ha skjedd i Vassvikvegen.

Uhellet skal ha skjedd på Vassvikvegen på Drange. Det opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde.

— Vi veit verken kva firma det er snakk om eller kva arbeid som vert utført. Det er førebels uklart om uhellet skjedde under arbeid eller under transport av gravemaskina, opplyste Mjelde først.

Bilbergar vart bestilt.

Frå folk på staden, har Os & Fusaposten fått opplyst at uhellet skal ha skjedd då ein lastebil vart ståande fast i ein bakke, og gravemaskina på lasteplanet tok til å skli bakover.

Personbilen bak stod så langt unna at det berre skal ha vore snakk om mindre skader heilt i fronten på bilen.

Føraren av bilen fortel til Os & Fusaposten at det naturleg nok var ei noko skremmande oppleving, men at det gjekk fint med vedkomande.

Uklart: Det er førebels uklart om uhellet skjedde under arbeid eller under transport av gravemaskina.