Sjekka førar av gravemaskin: Politiet kontrollerte føraren av ei gravemaskin fredag morgon. Vedkommande skal då ha blåst til over lovleg verdi, og blei teken med til legevakta for blodprøve.

Gravemaskinførar teken med promille: — Han lukta alkohol

Blei teken med til legevakta for blodprøve.

Fredag morgon klokka 07.14 skal politiet, ifølgje politioverbetjent Anne Lyssand, ha vore ute i felten i samband med ei anna sak, då dei kom over ein gravemaskinførar som dei kontrollerte.

— Han lukta alkohol. Føraren av gravemaskinen blei teken med til legevakta for blodprøve etter å ha blåst til over lovleg verdi, seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gravemaskinføraren, ein mann i 50-åra, skal ha vore i arbeid då politiet kontrollerte han.

— Det er oppretta sak. Det er gjort førarkortbeslag, noko føraren ikkje samtykka i, fortel Lyssand.

Vest politidistrikt skriv på Twitter at det i tillegg til førarkortbeslag er tatt beslag i kompetansebevis.